Kongsseteren
From Wikipedia, the free encyclopedia

Foto: Anders Beer Wilse/Oslo Museum
Kongsseteren er ein stor tømmervilla på Voksenkollen i Oslo. Han er kongefamilien sin private eigedom og vart gjeven i gåve frå det norske folket til Kong Haakon og dronning Maud då kongeparet vart krona i 1906.
Gåva vart finansiert ved ei innsamlingsaksjon og stod ferdig i 1911. Bygningen er teikna av arkitekt Kristian Biong, som vann ein utlyst arkitektkonkurranse med sitt prosjekt «Slot over Slot».[1]
Eigedomen vert i hovudsak nytta om vinteren, og kongefamilien feirar gjerne jul her.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.