From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kommune er eit mindre administrativt område i eit land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’.
I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar.
I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ein ordførar, og han kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen blir kalla kommunedirektør.
Kommunane vart innført med formannskapslovene frå 1837 og landet vart delt i 392 geografiske område med basis i prestegjelda. Talet på kommunar var størst i 1930 med 747 kommunar. I 2008 var det 430 kommunar i Noreg. Sidan 1. januar 2020 har talet på kommunar vore 356.[1][2]
Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (dansk eller bokmål).
Land | Kommuneomgrep |
---|---|
Argentina | municipio |
Bahrain | بلدي |
Belgia | gemeente / commune / gemeinde |
Bolivia | municipio |
Kurdistan i Irak | شارهوانی |
Brasil | município (ved Distrito Federal deler ein inn i administrative regionar) |
Canada | municipality (engelsk) municipalité (fransk) |
Chile | municipio eller comuna |
Colombia | municipio |
Costa Rica | cantón |
Danmark | kommune |
Ecuador | cantón |
El Salvador | municipio |
Filippinane | baranggay |
Finland | kunta / kommun |
Frankrike | commune |
Færøyane[lower-alpha 1] | kommuna |
Belgia | commune / gemeente / gemeinde |
Grønland[a] | kommuneaqoue |
Hellas | Δήμος |
Honduras | municipio |
Island | sveitarfélag |
Italia | comune |
Kypros | Δήμος/Belediye |
Luxembourg | commune |
Mexico | municipio (ved Mexicos føderale distrikt deler ein inn i delegaciones) |
Nederland | gemeente |
Noreg | kommune |
Paraguay | distrito |
Peru | provincia og distrito |
Polen | gmina |
Portugal | município / concelho |
Puerto Rico | municipio |
Spania | municipio (concejo) |
Storbritannia | district i England |
Sveits | (politische) Gemeinde, commune, comune m.m. |
Sverige | kommun |
Tyskland | Gemeinde |
USA | city, borough i Alaska og parish i Louisiana |
Venezuela | municipio |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.