Kodoridalen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kodoridalen კოდორის ხეობა, Кәыдырҭа | |||
dal | |||
Land | Georgia | ||
---|---|---|---|
Kodoridalen 43.1°N 41.8°E | |||
Kart over Øvre Abkhasia med Kodoridalen.
|
Kodoridalen (òg kalla Kodorigjelet, georgisk კოდორის ხეობა) er ein elvedal i Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i Georgia, og fungerer som ei grense mellom republikken og resten av Georgia. Dei øvre delane av dalen var lenge den einaste delen av Abkhasia som den sentrale georgiske regjeringa hadde kontroll over, og vart kalla Øvre Abkhazia (georgisk ზემო აფხაზეთი, Zemo Abkhazeti). I 2008 tok russisk-abkhasiske styrkar kontroll over dalen.[1]
Kodoridalen ligg i dei øvre områda av elva Kodori, nordaust i Abkhasia. Med ei høgd på mellom 1 300 og 3 984 meter dekkjer området over fleire typar landskap. Klima er nesten alpint og fuktig. I løpet av eit år kjem det normalt 1 600 til over 2 000 mm. Middeltemperaturen varierer frå om lag -3 °C i januar til 14 °C i juli.
Fleire landsbyar ligg oppover dalen, og dei største er Sjkhara, Omarisjara, Zemo Azjara, Kvemo Azjara og Lata.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.