Kodiak er ei øy utanfor sørkysten av delstaten Alaska i USA, skild frå fastlandet av Shelikofsundet. Kodiak er den største øya i Kodiak-arkipelaget og den nest største øya i USA, med ei flatevidd på 8975 km². Ho er kring 160 km lang og mellom 16 og 95 km brei. Største busetnaden på øya er byen Kodiak.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Kodiak
øy
Thumb
Land  USA
Del av Kodiakarkipelet
Areal 9 310 km²
Folketal 13 592 (2010)
Thumb
Kodiak
57.466666666667°N 153.43333333333°W / 57.466666666667; -153.43333333333
Wikimedia Commons: Kodiak Island
Lukk
Thumb
Kart over Kodiak og delar av fastlandet i Alaska

Geografi

Kodiak er rik på fjell og tett skogvaksen i nord og aust, men har lite skog i sør. Øya har mange djupe, isfrie bukter veleigna til ankringsplass for båtar. Kodiak National Wildlife Refuge dekker større delar av den sørvestlege delen av øya, og størstedelen av Kodiak-arkipelaget.

Byen Kodiak er ein av seks busetnader på øya. All nyttetransport mellom øya og verda utanfor går til og frå byen med anten ferjer eller fly. Dei andre settlementa er landsbyane Akhiok, Old Harbor, Karluk, Larsen Bay, Port Lions og Ouzinkie. Den aller største av den USA-amerikanske kystvakta (Coast Guard) sine basar ligg på Kodiak.

Kodiakbjørnen og kongekrabben høyrer naturleg til i arkipelaget. Fiske og fiskeindustri er hovudnæring på øya; fangstane omfattar stillehavslaks, stillehavskveite og krabbe. Elva Karluk River er kjend for den enorme, samla lakseoppgangen. Tømmerhogst, kvegavl, hermetikkproduksjon og noko kopardriving tel også med i økonomien.

Thumb
Busetjinga grunnlagt av Grigorij Sjelikhov på Kodiak.

Historie

Kodiak er heimland til Koniaga, ei aleut-stamme av Alaska-urfolk. Dei opphavlege innbyggjarane levde av jakt, fiske, sanking og husdyravl.

Koniagar vart omtala av europeiske oppdagarar, som var forbausa over praksisen med mannleg medgifte. «Ei kodiak-mor vel ut sin vakraste og mest lovande son, og deretter kler ho han og oppfostrar han som ei jente, lærer han opp berre i huslege syslar, og let han omgåast kvinner og jenter. Målet å er få han fullt ut ut kvinneleggjort. Når guten er mellom ti og femten år gammal vert han gift bort til ein rik mann, som reknar ein slik fylgjesvein som ei stor vinning» (etter Richard Francis Burton sitt Terminal Essay).

Kodiak vart utforska i 1763 av den russiske pelsjegeren Stepan Glotov. Dei fyrste framande som busette seg permanent på øya var òg russiske pelsjegerar. Leia av Grigorij Sjelikhov bygde dei i 1784 eit settlement i Three Saints Bay, nær dagens landsby Old Harbor. Settlementet vart i 1792 flytta til dit landsbyen Kodiak er i dag. Settlementet vart leiande i den russiske pelshandelen.

Etter oppkjøpet av Alaska i 1867 vart øya del av USA-Amerika, og USA-amerikanarar slo seg ned og tok til med jakt og oppdrett av rev.

Novarupta-utbrotet på fastlandet i 1912 la eit teppe av vulkansk oske over øya, noko som førte til store øydeleggingar og tap av liv. Øya vart også ramma av Langfredags-jordskjelvet i 1964. Jordskjelvet og den påfylgjande tsunamien øydela mykje av byen Kodiak.

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.