fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Knoppskarv[1] (Phalacrocorax atriceps) er ein fugl i skarvefamilien. Fuglen lever på dei subantarktiske øyane, på Antarktishalvøya og i det sørlege Sør-Amerika.
Knoppskarv | |
Knoppskarvar på Antarktishalvøya. | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av knoppskarv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Skarvefamilien Phalacrocoracidae |
Slekt: | Leucocarbo |
Art: | Knoppskarv L. atriceps |
Vitskapleg namn | |
Leucocarbo atriceps King, 1828 |
Knoppskarven kan bli opp til 78 cm lang og vega opp til 3,5 kg. Fjørdrakta er svart på størsteparten av kroppen, bortsett frå den kvite fargen på halsen og magen. Han kan kjennast att på ein ring med blå hud rundt augo, rosaaktige føter og ein guloransje knopp over nebben; difor det norske namnet. Arten kan delast inn i mange underartar med varierande utsjånad.
Knoppskarven lever i store koloniar på område som han gjerne deler med klippehopparpingvin, svartbrynalbatross og magellanskarv. Fuglane er monogame og lagar reir av tang, gras, gjørme og guano. Vanlegvis legg dei 2-3 egg som blir klekka ut etter ca. 5 veker. Foreldra byter på ruginga. Fuglane lever av småfisk, blekksprutar, sniglar, krepsdyr og børsteormar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.