planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Knerot (Goodyera repens) er ei plante i knerotslekta Goodyera i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]
Knerot | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Goodyera | ||
Art: | G. repens | ||
Vitskapleg namn | |||
Goodyera repens
(Linné) R.Br. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | nordlege halvkule | ||
Knerot er ein liten, grønkvit orkide med krypande jordstengel og ein rosett med eggforma blad nær bakken. Dei hårete, gulkvite einskildblomane sit i eit smalt, einsidig aks. Namnet på arten kjem frå at stengelen har eit «kne», ein knekk i rett vinkel nede ved bladrosetten.
Knerot veks i skog over store delar av landet.[3] Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[4]
Arten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn knärot),[5] i Danmark (LC, dansk namn knærod)[6] og i Finland (LC, finsk namn yövilkka).[7]
Knerot (engelsk namn creeping lady's-tresses) veks i den nordlege delen av Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[8] slik som lokalt i England.[9] Arten er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[10]
I Estland (estisk namn roomav öövilge) veks knerot over det meste av landet, mest i aust, og er rekna som livskraftig (LC).[11] I Latvia (latvisk namn ložņu saulenīte)[12] er arten temmeleg vanleg i barskog over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[13] I Litauen (litauisk namn šliaužiančioji sidabriukė) er arten ein av dei mest vanlege orkideane, mest i aust og sør.[14] Han er rekna som livskraftig.[15]
I Benelux er arten ein relativ nykomar (nederlandsk namn dennenorchis, fransk namn goodyère rampante) ein relativ nykomar som først vart funnen i Nederland i 1880. No veks han spreidde stader i landet, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia var han først registrert i 1942 og finst mest i nordaust. I Vallonia vart han registrert først gong i 1902 og er no svært sjeldan i sør.[16][17] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[18] I Belgia er han ikkje raudlistevurdert i Flandern, men er rekna som sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[19] I Luxembourg er han ein etablert framandart (EA, established alien) som er rekna som livskraftig (LC).[20]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.