From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjartan Hatløy (fødd 16. februar 1954 på Sørbøvåg) er ein norsk forfattar. Hatløy er framfor alt lyrikar; dei fleste bøkene hans er diktsamlingar. Alle er gjevne ut på Oktober forlag i Oslo.
Kjartan Hatløy | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. februar 1954 (70 år) Sørbøvåg |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1996- |
Debut | Solreven |
Hatløy arbeidde i mange år som skipsrøyrleggjar på Løland Verft (Havyard Leirvik) heime i Hyllestad og dreiv småbruk ved sida av skrivinga. I dei seinare åra har han gått over til å vere heiltidsforfattar. Han skriv på nynorsk.
Diktsamlinga Kjøkkendikt vart i 2012 nominert til Brageprisen i gruppa skjønnlitteratur. I 2014 fekk han Hyllestad kommune sin innsatspris Kvernsteinsprisen. I 2016 er diktsamlinga Den kvite vegen : stemningar frå Salbu nominert til Ungdommens kritikerpris.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.