Kiryat Shmona
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kiryat Shmona (hebraisk קִרְיַת שְׁמוֹנָה) er ein by i Nord distrikt i Israel på vestsida av Huladalen ved grensa til Libanon. Byen vart kalla opp etter dei åtte personane, inkludert Joseph Trumpeldor, som døydde i 1920 då dei forsvarte Tel Hai.
Kiryat Shmona | |||
קִרְיַת שְׁמוֹנָה, קריית שמונה, Qiryat Shemona | |||
by | |||
Kiryat Shmona i 2007 | |||
|
|||
Namneopphav: Byen av dei åtte | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 33°12′27″N 35°34′11″E | ||
Areal | 9,96 km² | ||
Folketal | 23 100 (2007)[1] | ||
Folketettleik | 2 319 / km² | ||
Grunnlagd | Mai 1949 | ||
• Bystatus | 1975 | ||
Borgarmeister | Nissim Malka | ||
Postnummer | 12100 | ||
![]() Kiryat Shmona 33.2075°N 35.569722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Kiryat Shmona | |||
I dag er er kring ein tredjedel av dei 23 100 innbyggjarane i Kiryat Shmona[1] under 19 år gamle, og dei fleste av innbyggjarane er jødar, særleg av marokkansk opphav. Han ligg nær Israel-Libanon-grensa og er den nordlegaste byen i Israel.
Historie
Byen Kiryat Shmona vart grunnlagd i mai 1949[2] der den tidlegare beduin-landsbyen Al-Khalisa låg. Innbyggjarane her flykta frå landsbyen etter at Israel erobra Safed under den arabisk-israelske krigen i 1948.[3] I starten vart han nytta som ein transittleir for jødiske emigrantar og flyktningar som hovudsakleg dreiv med gardsbruk. I 1953 vart han klassifisert som ein utviklingsby.[4]

Sidan Kiryat Shmona ligg så nær Libanon, har han vore utsett for mange rakettåtak frå andre sida av grensa.
Den 11. april 1974 sende Folkefronten for frigjeringa av Palestina tre medlemmar over grensa frå Libanon til Kiryat Shmona. Dei tok livet av atten innbyggjarar i ei bustadblokk, inkludert mange barn, før dei sjølv vart drepen. Hendinga vart kjend som Kiryat Shmona-massakren.[5]
Byen vart utsett for fleire åtak etter dette, mellom anna med Katyusha-rakettar frå PLO i juli 1981,[6] eit Katyusha-åtak av PLO i mars 1986 (drap ein lærar og skadde fire elevar og ein vaksen),[7][8][9] og ytterlegare Katyusha-ptak av Hizbollah i 1996 unders Operasjon Vredens druer.[10] Innbyggjarane leid under nesten daglege åtak frå midten av 1970-åra til 2000, då det israelske forsvaret forlet Libanon.
Det var relativt fredleg i byen frå 2000 til 2006, men måtte tåle høge smell kvar månad på grunn av luftvernskanonar frå Hizbollah avfyrte mot israelske krigsfly som flydde over den israelsk-libanesiske grensa.
Under Libanonkrigen i 2006 vart byen igjen mål for Hizbollah sine Katyusha-rakettar. Dei fleste innbyggjarane forlet byen under krigen, og dei 5 000 som var att, heldt seg i bomberomma, og byen vart ein spøkjelsesby.[11] Under krigen trefte i alt 1 012 Katyusha-rakettar Kiryat Shmona.
Geografi
Kiryat Shmona ligg på Galileastripa like ved Huladalen, kring 5 km sør for og 2 km aust for den israelsk-libanesiske grensa. Han ligg kring 150 meter over havet.[2]
Jordskjelv
Byen ligg over Daudehavsforkastinga og som følgje av dette er han ein av dei byane i Israel som har størst risiko for jordskjelv (i lag med Safed, Beit She'an, Tiberias og Eilat).[12]
Sport
Kiryat Shmona er den minste byen i Israel med eit topplag i den øvste divisjonen i israelsk fotball, Hapoel Ironi Kiryat Shmona. Klubben vart danna då Hapoel Kiryat Shmona og Maccabi Kiryat Shmona vart slått saman i 2000. Klubben rykka opp i øvste divisjon for første gong i 2007 og vart ligameister i 2011-2012.
Tennis er òg ein populær idrett i Kiryat Shmona.

Venskapsbyar
Kiryat Shmona er venskapsby med
Hampstead i Quebec i Canada (sidan 1978)
Nancy i Frankrike (sidan 1984)
Memmingen i Tyskland (sidan 2009)
Rishon LeZion i Israel (sidan 2006)
Bakgrunnsstoff

- Stader å vitje i Kiryat Shmona (engelsk)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.