Kintyre
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
55°30′N 5°35′W Kintyre er ei halvøy i vestlege Skottland i sørvestlege Argyll og Bute, regionen strekkjer seg bortimot 48 km frå Mull of Kintyre, som vart udødeleggjort i songen med same namn av Paul McCartney, i sør til East Loch Tarbert i nord. Regionen rett nord for halvøya er kjent som Knapdale.
Geografisk er halvøya Kintyre lang og smal, og ikkje på noko punkt breiare enn 18 km frå vestkysten til austkysten. Den sentrale ryggsøyla av halvøya er for det meste kupert med myrområde. Kysten og områda rundt er derimot svært fruktbar. Difor har Kintyre i alle år vore ettertrakta for busetjarar, frå dei første skutane frå Irland som emigrerte frå Ulster til vestlege Skottland til nordmenn frå Vestlandet som erobra og busette seg i det same området i tida før 1000-talet.
Hovudbyen er Campbeltown, omtrent 32 km i veg frå Mull, og som har vore ein kongeleg burgh sidan midten av 1700-talet.
Økonomien til området har lengje vore avhengig av fiske og jordbruk, skjønt Campbeltown har eit godt rykte som produsent av Skottlands finaste single malt whisky, inkludert «Springbank» som har vunne fleire prisar.
Bellochantuy, Campbeltown, Carradale, Clachan, Drumlemble, Glenbarr, Grogport, Kilchenzie, Machrihanish, Muasdale, Peninver, Saddell, Skipness, Southend, Stewarton, Tayinloan, Tarbert og Whitehouse.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.