From Wikipedia, the free encyclopedia
Kill City er eit album gjeve ut i 1977 av Stooges-vokalist Iggy Pop og gitarist James Williamson. «Johanna» og «I Got Nothin'» vart begge spelte på konsertar i 1973 og 1974 medan James Williamson var i Stooges.
Kill City Studioalbum av Iggy Pop og James Williamson | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1977 | |
Innspelt | 1975 | |
Studio | Maconnel Studios i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 32:00 | |
Selskap | Bomp! | |
Produsent | James Williamson | |
Iggy Pop-kronologi | ||
---|---|---|
Lust for Life (1977) |
Kill City | TV Eye Live 1977 (1978)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
BBC Music | positiv[2] |
Robert Christgau | B[3] |
Drowned in Sound | 6/10[4] |
New Musical Express | positiv[5] |
Kill City vart spelt inn i 1975 etter at gruppa vart oppløyst. Det skulle vere ein demo som dei skulle gje til plateselskap i håp om få Iggy Pop ein ny platekontrakt. Vokalen hans vart spelt inn i helgene då han fekk permisjon frå mentalsjukehuset han var innlagd på for behandling for det langvarige heroinmisbruket sitt.
Den originale demo-miksen av albumet frå 1975 er aldri gjeven ut, bortsett frå tre spor som finst på forskjellige samleplater som A Million in Prizes og Original Punks: «Johanna», «Consolation Prizes» og «Kill City». Desse høyrest markant forskjellige ut frå dei endelege versjonane på albumet, med andre gitarparti og utan saksofon på «Johanna».
Ingen tok imot albumet før i 1977, då soloalbuma til Pop, The Idiot og Lust for Life gjorde det godt, og James Williamson fekk eit forskot frå Bomp på å gje ut albumet. Noko av midlane vart nytta til å gjere innspelingane ferdig og mikse albumet på ny.
Pop dukka seinare opp som seg sjølv i Tales from the Crypt og framførte tittelsporet der.
Masterteipane gjekk tapt kort tid etter at albumet kom ut, så alle nyare CD-utgjevingar er derfor mastra frå den originale grøne vinylen av dårleg kvalitet. Dette er delvis årsaka til den noko grumsete lyden på albumet.
I 2010 miksa James Williamson og lydteknikar Ed Cherney nok ein gong frå dei originale fleirspora. Dette gjorde at det kom enno ein ny versjon av albumet, gjeven ut på Bomp Records den 19. oktober 2010.[6]
Alle songar er skrivne av Iggy Pop og James Williamson, utanom «Master Charge» av Williamson og Scott Thurston.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Kill City» | 2:20 |
2. | «Sell Your Love» | 3:36 |
3. | «Beyond the Law» | 3:00 |
4. | «I Got Nothin'» | 3:23 |
5. | «Johanna» | 3:03 |
6. | «Night Theme» | 1:20 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Night Theme (Reprise)» | 1:04 |
8. | «Consolation Prizes» | 3:17 |
9. | «No Sense of Crime» | 3:42 |
10. | «Lucky Monkeys» | 3:37 |
11. | «Master Charge» | 4:33 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.