Kiberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kiberg er ein tettstad i Vardø kommune i Finnmark. Staden ligg på nordsida av munningen til Varangerfjorden, nær det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg, Kibergsneset, og om lag 10 km frå Vardø by. E75 går gjennom Kiberg.
Kiberg har vore eit viktig fiskevær i fleire hundre år og er det framleis i dag. I 2020 hadde tettstaden 202 innbyggjarar.[2]
Historie
Under den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen flykta meir enn 50 menn og kvinner frå Kiberg over grensa til Sovjetunionen.[3] 45 av mennene gjekk inn i Den raude arméen, og fleire av dei var på spionoppdrag attende i det nazi-okkuperte Nord-Troms og Finnmark. Ei av oppgåvene var å overvake den tyske skipstrafikken og rapportere attende til Sovjet om det som skjedde. Dette arbeidet førte til at sovjetarane klarte å finne og senke ca. 80 tyske lasteskip. Nær halvparten av dei 45 partisanane frå Kiberg vart fanga og drepne av tyskarane. Etter krigen reiste nesten alle dei overlevande attende til Kiberg. I etterkrigstida vart mange av dei misstenkte for å vere spionar for Sovjet og utsett for overvaking, og Kiberg vart kalla «Lille Moskva». Det tok lang tid før Kiberg-partisanane vart heidra for innsatsen sin for Noreg. I 2000 vart Partisanmuseet opna i det tidlegare skuleinternatet i Kiberg.
Folk frå Kiberg
- Trygve Eriksen (1901–1987), partisan
- Gunnar Halvari (1927–2008), partisan
- Hans Kristian Eriksen (1933–2014), forfattar som skipa Nordnorsk Magasin
- Rakel Solstad (f. 1945), forfattar
- Klaus Onni Jakobsen (f. 1974), politikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.