From Wikipedia, the free encyclopedia
Khorovod er ein austslavisk folkedans der ein dansar ringdans og syng i kor til. Han kan også vera akkompagnert av instrument. Khorovod er rekna som ein av dei elste russiske dansane, og skal gå over 1000 år tilbake.[1] I Russland har dansen òg vore kjend som karagod, tanok og krug.
Khorovod-dansar og songar kan vera knytte til rituale, og mange av dei formidlar førestillingar som går langt tilbake i tid, ofte med førkristent innhald.[2]
Mot slutten av 1800-talet byrja khorovod å fortrengast av nyare dansar, som kvadrilje, vals og polka.[3]
Ordet khorovod (russisk хорово́д, IPA: [xərɐˈvot], ukrainsk хоровод, коло, kviterussisk карагод [karaˈɣot], bulgarsk хоро, polsk korowód) skal stamma frå gresk choreia (gammalgresk χορεία). Gresk kultur har hatt sterk innverknad på russisk kultur. Han er i slekt med den greske ringdansen choreia, kolodans (sørslavisk ringdans frå Serbia, Kroatia og Bosnia), horadans (Balkan), kochari (armensk og aserbajdsjansk folkedans).
Khorovod-dans blei dansa på ulike måtar i ulike delar av det gamle Russland.
I Nord-Russland var dansen kjend for avmålte, rolege rørsler og vakre, mystiske melodiar.
I Sentral-Russland i områda rundt Moskva var dansen muntrare og lettare. Ein song russiske folkesongar som akkompagnement. Dansarar klappa og sparka og utførte raske, energiske rørsler.
Danseforma i Sør-Russland er kjend for raske, livlege rørsler og komplekse mønster som viser fram styrke, energi og ungdom.[4][5]
Khorovod har inspirert mykje av russisk kunstmusikk og opptredenar. Til eit patriotisk stykke av Catterino Cavos frå 1812, 'Militsen, eller kjærleik for fedrelandet', utforma den fyrste kjende russiske koreografen Ivan Valberkh eit ballett-divertissement som inneheldt khorovod-dans.[6] Rimskij-Korsakov nytta khorovod i operaene Mlada (1892),[7] 'Mainatta' (1892) og 'Julaftan' (1895).[6]
Khorovodmusikk blei brukt av Prokofjev i 1936 til ei scenesetjing av Pusjkin-stykket Eugen Onegin, som fyrst blei oppført i 2012 ved Princeton University.[8] Stravinskij nytta khorovod-aktig musikk både i Eldfuglen og Vårofferet.[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.