Khmer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Khmer er eit austroasiatisk språk tala av khmerfolk, den største folkegruppa i Kambodsja. Det er offisielt språk i landet, og blir også tala i naboområde i Thailand og i Vietnam.

- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Khmer (fleirtyding).
Khmer er eit av dei større austronesiske språka. Det har blitt påverka av mellom anna sanskrit og pali, særleg i kongelege og religiøse kontekstar, gjennom hinduismen og buddhismen. Språket blir skrive med khmer-alfabetet som stammar frå brahmiskrift.
Khmer dannar ein språkbunt med dei kringliggjande språka thai, laotisk, vietnamesisk og cham. Det skil seg likevel frå desse språka ved at det ikkje er eit tonespråk.
Språket har tre hovuddialektar som alle er gjensidig forståelege: phnom penh (rekna som standard), nordleg khmer (snakka av etniske khmerar i nordaustre Thailand), og Krâvanh-khmer, ein arkaisk dialekt tala i Krâvanhfjella.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.