by i Ukraina From Wikipedia, the free encyclopedia
Kharkiv (ukrainsk Харків, russisk Ха́рьков, Kharkov) er den nest største byen i Ukraina.
Kharkiv | |||
ukrainsk Харків, russisk Харьков, Kharkov | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kharkiv oblast | ||
Kommune | Kharkiv bykommune | ||
Høgd | 152 moh. | ||
Koordinatar | 49°55′0″N 36°19′0″E | ||
Areal | 310 km² | ||
Folketal | 1 449 000 (2010) | ||
- storby | 1 732 400 | ||
Folketettleik | 4 674 / km² | ||
Grunnlagd | 1655-56[1] | ||
Borgarmeister | Hennadiy Kernes[2] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 61001—61499 | ||
Bilnummer | ХА, 21 (old) | ||
Kharkiv 49.9925°N 36.231111111111°E | |||
Kart som viser Kharkiv.
| |||
Wikimedia Commons: Kharkiv | |||
Nettstad: http://www.city.kharkov.ua/en | |||
Byen vart grunnlagd i 1654 og var eit stort senter for ukrainsk kultur i Det russiske imperiet. Kharkiv vart den første byen i Ukraina som godtok sovjetisk makt i desember 1917 og vart seinare hovudstad i Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Kharkiv var hovudstad i Ukrainske SSR fram til 1934, då hovudstaden vart flytta til Kiev. I dag er han det administrative senteret i Kharkiv oblast og det omliggande Kharkiv rajon, medan byen i seg sjølv har ein spesialstatus i regionen. Byen ligg nordaust i landet. I 2006 hadde byen kring 1,5 millionar innbyggjarar.[3]
Kharkiv er eit stort senter for kultur, vitskap, utdanning, samferdsle og industri i Ukraina med 60 vitskaplege institutt, 30 høgare utdanningsinstitusjonar, seks museum, sju teater og 80 bibliotek. Kharkiv er den næraste storbyen til kolfelta i Donbas. Industrien er hovudsakleg basert på maskineri. Det er hundrevis av industriføretak i byen. Av desse finn ein verdskjende gigantar som Morozov designbyrå og Malysjov stridsvognfabrikk, som har vore leiande i produksjon av stridsvogner sidan 1930-åra; Khartron (elektronikk for romfart og kjernekraft) og produksjon av Turboatom-turbinar.
Byen har eit tunnelbanesystem (metro) med kring 38,1 km med baner og 29 stasjonar. Eit kjent landemerke i Kharkiv er Fridomsplassen (Maidan Svobody tidlegare kjend som Dzerzjinskyjplassen), som i dag er det sjette største bytorget i Europa og det 12 største i verda.
Kharkiv var vertskapsby for UEFA Euro 2012 og tre kampar vart spelte på Metaliste stadion.
Kharkiv vart grunnlagt kring 1654-1655 som ein festningssterk kosakkoloni på eit territorium kontrollert av Moskva, etter at polakkane slo tilbake mot den ukrainske kosakkoppstanden i 1648. Dei ukrainske kosakkane oppretta i områda rundt Kharkiv ei autonom politisk eining under namnet Slobidska Ukraina. I 1765 vart Kharkiv hovudstad i Ukraina, og voks sterkt med industrialiseringa av Donetsbekkenet. Byen vart i løpet av 1800-talet hovudsete for utviklinga av handel og industri austom Dnepr. Folketalet var i 1856 30 600, i 1879 102 100, i 1920 285 200. Byen var 1920–1934 hovudstad i Ukrainske SSR. 1941 inntok tyskarane Kharkiv, som vart sterkt øydelagt under kampane 1942–43. Byen er seinare gjenoppbygd med breie gater, monumentale offentlege bygningar og meir.
Kharkiv ligg nordaust i Ukraina og har historisk sett høyrt til Sloboda Ukraina, der han vart rekna som hovudbyen. Byen ligg ved samløpet mellom elvane Kharkiv, Lopan og Udy, der dei renn inn i vassdraget til Donets.
Kharkiv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb), med kalde og snørike vintrar og varme somrar. Temperaturtilhøva er ikkje for kalde om vinteren og ikkje for varme om sommaren: -4,6 °C i januar og 21.3 °C i juli. Årsmiddelnedbøren er 513 mm per år, med mest nedbør i juni og juli.
Vêrdata for Kharkiv i Ukraina 1981-2010 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 11 | 14,6 | 21,8 | 30,4 | 34,5 | 36,8 | 37,6 | 39,8 | 33,7 | 29,3 | 20,3 | 13,4 | 39,8 |
Gjennomsnittleg maks °C | −2,2 | −1,6 | 4,3 | 14 | 20,8 | 24,3 | 26,4 | 25,7 | 19,4 | 12 | 3,6 | −1,1 | 12,1 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −4,6 | −4,5 | 0,7 | 9,2 | 15,6 | 19,3 | 21,3 | 20,3 | 14,4 | 7,9 | 0,9 | −3,5 | 8,1 |
Gjennomsnittleg min °C | −7 | −7,3 | −2,4 | 4,6 | 10,3 | 14,2 | 16,2 | 14,9 | 9,8 | 4,3 | −1,5 | −5,9 | 4,2 |
Lågast målte °C | −35,6 | −29,8 | −32,2 | −11,4 | −1,9 | 2,2 | 5,7 | 2,2 | −2,9 | −9,1 | −20,9 | −30,8 | −35,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 36 | 33 | 32 | 34 | 50 | 61 | 60 | 42 | 47 | 44 | 41 | 36 | 516 |
Gns. dagar med regn | 10 | 8 | 9 | 13 | 14 | 15 | 13 | 10 | 12 | 12 | 13 | 12 | 141 |
Gns. solskinstimar i månaden | 49,6 | 65 | 108,5 | 162 | 238,7 | 264 | 272,8 | 248 | 186 | 124 | 48 | 31 | 1 797,6 |
Kjelde: Weather and climate – Kharkiv's climate [4]Hong Kong Observatory. (sun only 1961-1990)[5] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.