From Wikipedia, the free encyclopedia
Kfarhamam (òg Kafarhamam, Kafrhamam, Kfar Hamam, Kafar Hamam, arabisk كفرحمام) er ein liten landsby som ligg i Arqoob-området i Hasbaya distrikt i Sør-Libanon, aust i Nabatieh guvernement. Kfarhamam ligg nær landsbyen El Mari i sør, landsbyen Hebbariye i nord, Kfar Chouba i aust og Rachaya Al Foukhar i vest. Han ligg 117 km frå Beirut, og kring 850 meter over havet.
Kfarhamam | |||
كفرحمام | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
guvernement | Nabatieh guvernement | ||
Distrikt | Hasbaya distrikt | ||
Koordinatar | 33°20′35.59″N 35°40′42.09″E | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Kfarhamam 33.343219444444°N 35.678358333333°E | |||
Kart som viser Kfarhamam.
| |||
Wikimedia Commons: Kfarhamam | |||
Landsbyen har ei strategisk plassering i fjellsida av Hermon med utsikt over Øvre Galilea i Israel og han ligg særs nær Golanhøgdene og Shebaa-gardane. Han ligg òg nær staden der grensene til Libanon, Israel og Syria møter kvarandre.
Kfarhamam er eit assyrisk ord. Kfar tyder hus og hamam tyder fred, og Kfarhamam tyder dermed «huset med fred». Landsbyen er kring 500 år gammal og har blitt øydelagd og bygd opp att fleire gonger sidan 1970-åra. Mange folk har flytta på grunn av tryggleiksproblema i området. I 1970-åra stod landsbyen i periodar heilt folketom. Fleire har immigrert til Brasil og Canada.
Den israelske okkupasjonen av landsbyen varte i 22 år. Landsbyen vart igjen råka av Libanonkrigen i 2006.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.