Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kenneth Vincent John Wheeler, OC (14. januar 1930–18. september 2014) var ein kanadisk komponist, trompetist og flygelhornspelar, som budde i Storbritannia frå 1950-åra.[1][2][3][4]
Kenny Wheeler | |||
Kenny Wheeler i 2007 | |||
Fødd | 14. januar 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toronto i Canada | ||
Død | 18. september 2014 (84 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Fødenamn | Kenneth Vincent John Wheeler | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1950–2014 | ||
Sjanger | Jazz, avantgarde jazz, kammerjazz | ||
Instrument | Trompet, flygelhorn | ||
Tilknytte artistar | John Dankworth, Evan Parker, John Taylor, Azimuth, Anthony Braxton, Dave Holland, Globe Unity Orchestra, Berlin Contemporary Jazz Orchestra | ||
Plateselskap | ECM, Fontana, FMP, Soul Note, PSI, CAM Jazz | ||
Verka som | Musikar | ||
Prisar | offiser av Order of Canada |
Han spelte hovudsakleg jazz, men var òg aktiv innan fri improvisasjon og bidrog stundom på innspelingar med rock. Wheeler skreiv over hundre komposisjonar og var ein dugande arrangør for både små grupper og store ensemble.
Seint i 1950-åra var han medlem av kvintetten til Buddy Featherstonhaugh i lag med Bobby Wellins. Gjennom 1960-åra arbeidde han med John Dankworth, og var ein del av storbandet til Eric Burdon og The Animals som spelte ein enkelt gong på National Jazz and Blues Festival i Richmond (1965). I 1968 spelte Wheeler på debutalbumet til gitaristen Terry Smith, Fall Out.
Wheeler spelte òg inn sine eigne komposisjonar med store jazzensemble gjennom karrieren. Det første kom ut i 1969 som Windmill Tilter, spelt inn med John Dankworth band.
I midten av 1960-åra spelte Wheeler ofte innan den gryande rørsla for fri improvisasjon i London, og spelte med Parker, John Stevens, Spontaneous Music Ensemble og Globe Unity Orchestra. Sidan spelte han mykje med mindre jazzgrupper, og spelte mellom anna inn Gnu High (1975) og Deer Wan (1977).
Wheeler var trompetist i Anthony Braxton Quartet frå 1971 til 1976. Han var òg medlem av kammerjazztrioen Azimuth med John Taylor og Norma Winstone frå 1977 til 2000.
Med Tommy Smith
Med John Abercrombie
Med Rabih Abou-Khalil
Med George Adams
Med Pepper Adams
Med the Berlin Contemporary Jazz Orchestra
Med Jane Ira Bloom
Med Anthony Braxton
Med Jakob Bro
Med Bill Bruford
Med Rainer Brüninghaus
Med Steve Coleman
Med Collective Consciousness Society
Med Graham Collier
Med Paolino Dalla Porta
Med John Dankworth Med Pierre Favre
Med Claudio Fasoil
Med Bill Frisell
Med Globe Unity Orchestra
Med Paul Gonsalves
Med Dave Holland Quintet
Med Philly Joe Jones
Med Chris Kase
Med Andy Middleton
Med Joni Mitchell
Med Louis Moholo-Moholo
Med Enrico Pieranunzi
Med Wadada Leo Smith
Med Thomas Stabenow
Med David Sylvian
Med John Surman
Med Ralph Towner
Ernst Vranckx
Med Fabio Zeppetella
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.