From Wikipedia, the free encyclopedia
Kasuarar (Casuarius) er ei biologisk slekt av tre særs store nolevande strutsefuglar utan flygeevne. Namnet "kasuar" kjem frå malayisk språk.[1] Utbreiinga er i hovudsak Ny-Guinea, men òg nærliggande øyar, dessutan finst ein art i nordaustlege Australia. Dette er dei største landdyra i området. Toflikkasuar er òg den tredje høgste og nest tyngste nolevande fuglen i verda, berre struts og emu er høgare fuglar. Hos mange taksonomiar er Casuarius einaste slekta i den biologiske familien Casuariidae.
Kasuarar | |
Toflikkasuar, Casuarius casuarius, Foto: Scott Hamlin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Infraklasse: | Palaeognathae |
Orden: | Casuariiformes |
Familie: | Casuariidae |
Slekt: | Kasuarar Casuarius Brisson, 1760 |
Føde for desse fuglane er hovudsakleg frukt, sjølv om alle tre artar er altetarar og vil ta ei rekkje anna plantekost inkludert skot, grasfrø og sopp i tillegg til virvellause dyr og små virveldyr.
Etter Clementslista er kasuarar er ein del av den biologiske ordenen strutsefuglar, Struthioniformes. Ordenen inkluderer òg struts, nanduar, emu og kiviar. To familiar i ordenen er utdøydde: Aepyornithidae, elefantfuglar og Dinornithidae moaer. Kasuarar samlar tre nolevande artar og éin utdøydd:
Ein har lite kunnskap om toflikkasuar og dvergkasuar. Alle kasuarar er vanlegvis sky fuglar som lever i djupe skogar, dugelege til å forsvinne lenge før eit menneske veit dei er der. Sjølv ikkje den meir tilgjengelege toflikkasuar i regnskogen i nordlege Queensland er godt utforska.
Det er hofuglane som er størst og mest fargerike. Vaksne toflikkasuar er typisk 1,5 til 1,8 meter høge[4] og kan vege 58,5 kg [3].
Alle kasuarar har fjører som består av eit fjørskaft med ikkje-samanknytte forgreiningar av fjørstrålar. Dei manglar både halefjører og gumpkjertel. Kasuarar har små venger med 5-6 store tertiærar. Desse er redusert til stive, keratinpiggar utan mothakar, som på piggsvin.[3] Annan kvar finger har ei klo.[5] Gaffelbein/ønskebein (furcula) og skulderbeinet coracoid er degenererte, og palatal-beinet og sphenoid-beinet i kraniet rører kvarandre.[6] Dette, saman med den kileforma kroppen, trur ein er tilpassingar for å verne mot plantar, tornar og kvasse blad, og tillèt dei å springe raskt gjennom regnskogen.[7]
Den tretåa foten har kvasse klør. Tå nummer to har ei daggertliknande klo som er 125 millimeter lang[3]. Denne kloa er spesielt skremmande sidan kasuarar iblant sparkar mot menneske og dyr med dei enormt kraftige beina sine. Kasuarar kan springe i opptil 50 km/t gjennom tett skog. Dei kan hoppe opp til 1,5 meter og dei er gode symjarar, kan krysse breie elver og badar òg i sjøen.[5]
Alle tre artane har hornaktig, men blaut og svampa utvekst på hovudet kalla casque. Denne han vere opp til 18 cm høg.[6] Casque består av «ein keratinhud over ein kjerne av fast, skumliknande materiale.[8] Det har vore gjort framlegg om ulike føremål for casquear. Éitt er at dei er sekundære seksuelle attributt. Andre forslag inkluderer at dei blir brukt til å rote gjennom kratt, som eit våpen for tvistar om dominans, eller som eit reiskap for å skyve til side bladavfall under fôring. Biologen Andrew Mack har gjort observasjonar som tyder på at casque forsterkar djupe lydytringar.[9] Men tidlegare framstillingar seier at fuglane legg hovudet lågt når dei spring slik at casque vernar skallen mot skrensande små tre og andre kollisjonar. Utveksten vil verne skallen ved slike kollisjonar.[8] Spekulasjonar om casque til akustisk kommunikasjon er knytt til oppdaginga av at toflikkasuar og dvergkasuar produserer særs lågfrekvente lydar, noko som kan vere hjelpemiddel i kommunikasjonen i tett regnskog.[9] Denne lyden er den lågaste kjende fuglelyden, og ligg i grenseområdet for høyrsla til mennesket.[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.