kommune i Blekinge len i Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Karlskrona kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar i nord til Emmaboda kommun og Torsås kommun i Kalmar län, samt til Ronneby kommun i Blekinge i vest. Sør for Karlskrona ligg Ringö, ei halvøy med om lag 500 innbyggjarar. Administrasjonssenteret i kommunen er Karlskrona.
Karlskrona kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Blekinge län | ||
Landskap | Blekinge | ||
Del av | Blekinge, Q61441484, Blekinge domkrins | ||
Centralort | Karlskrona | ||
Areal | 1 075,67 km² | ||
• land | 1 046,89 km² | ||
• vatn | 28,78 km² | ||
Folketal | 61 844 | ||
Folketettleik | 59 / km² | ||
Karlskrona kommun 56.183333333333°N 15.65°E | |||
Kart som viser Karlskrona kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Karlskrona Municipality | |||
Nettstad: www.karlskrona.se | |||
I kommunen finn ein skjergard i sør. Nord for denne ligg det eit eit platålandskap med sprekkedalar, dei fleste i retning nord–sør. Av industri kan det nemnast at det ligg eit stort fiskemottak på Saltö.
Karlskrona kommun har ein svært komplisert inndelingshistorikk frå kommunalforordningane tredde i kraft i 1863 og fram til inndelinga vart slik ho er i dag, i 1974. Ved hundreårsskiftet i 1900 var området samansett av, forutan Karlskrona stad, 14 landskommunar og ein municipalköping. Ein del av desse hadde vorte grunnlagde gjennom delingar i 1888. I år 1925 vart kommunen Hasslö og Aspö delt i to, altså Hasslö og Aspö kvar for seg.
I 1934 vart ein del av Augerums landskommun innlemma i Karlskrona stad, og på same tid vart municipalsamhället Långö frå 1908 oppløyst. Ved kommunereforma i 1952 vart desse storkommunane grunnlagde: Lyckeby (av kommunane Augerum og Lösen), Jämjö (av kommunane Jämjö og Torhamn, samt Kristianopels municipalköping), Fridlevstad (av Fridlevstad og Sillhövda), medan det ikkje vart forandringar for Tving, Nättraby, Sturkö, Ramdala, Hasslö og Rödeby. Aspö og Tjurkö vart innlemma i Karlskrona stad.
I 1963 vart Tving innlemma i Fridlevstad og Ramdala i Jämjö. I 1967 vart Lyckeby innlemma i Karlskrona stad. I 1971 vart einskapleg kommunetype innført utan samanslåingar. Men i 1974 gjekk Jämjö og Fridlevstad inn i Karlskrona, og Karlskrona kommun fekk dermed si noverande form.
Blasonering: På blå bakgrunn, eit anker krona med ei kongekrone, og med kong Karl XI sitt spegelmonogram lagt oppå, alt av gull.[1]
Karlskrona stad hadde både namn og våpenskjoldmotiv etter grunnleggjaren sin. Det var opphavleg eit segl, men vartbrukt som våpen. Etter den langdryge kommunesamanslåinga, som var ferdig i 1974, vart våpenet same år registrert i Patent- och registreringsverket for Karlskrona kommun. Av dei tidlegare einingane som no inngjekk i kommunen, hadde Fridlevstad, Jämjö, Lyckeby og Nättraby hatt våpen, og desse vart ugyldige.
Det er 18 tettstader i Karlskrona kommun. Ein mindre del av tettstaden Brömsebro ligg i Torsås kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1 | Karlskrona | 32 606 |
2 | Rödeby | 3 356 |
3 | Nättraby | 3 053 |
4 | Jämjö | 2 596 |
5 | Hasslö | 1 643 |
6 | Sturkö | 1 293 |
7 | Fridlevstad | 697 |
8 | Tving | 477 |
9 | Torhamn | 473 |
10 | Spjutsbygd | 422 |
11 | Fågelmara | 398 |
12 | Skavkulla och Skillingenäs | 380 |
13 | Holmsjö | 347 |
14 | Drottningskär | 328 |
15 | Gängletorp | 276 |
16 | Kättilsmåla | 238 |
17 | Nävragöl | 229 |
18 | Brömsebro | 213 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.