From Wikipedia, the free encyclopedia
Karl Arne Utgård (fødd 6. mars 1951) fødd i Sykkylven er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 15. november 1999 og sat fram til 31. desember 2018.
Karl Arne Utgård | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mars 1951 (73 år) Sykkylven kommune |
Yrke | advokat, dommar |
Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1976. Han avtente verneplikta hos Krigsadvokaten for Østlandet 1977-78, var advokatfullmektig 1978-79, dommarfullmektig i Hadeland og Land sorenskrivarembete 1979-1980, og advokatfullmektig og advokat hos Regjeringsadvokaten i åra 1980-1984. Han vart advokat med møterett for Høgsterett i 1982. Han arbeidde som privatpraktiserende advokat på Hamar i åra 1984-1999, der han mellom anna var fast forsvarar i Eidsivating lagmannsrett 1988-1997 og i Hedmarken heradsrett 1995-1997.
Karl Arne Utgård er den første faste dommaren i Høgsterett som skriv på nynorsk. Han har vore ein føregangsmann for bruk av nynorsk i jussen og har gitt ut ei eiga juridisk og administrativ ordliste på nynorsk. For arbeidet sitt fekk han prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursenter i 2000.
Frå 2005 har Utgård også vore styreleiar for Domstoladministrasjonen ved sida av embetet som dommar i Høgsterett.
Karl Arne Utgård hos domstol.no, vitja 15. juni 2010
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.