dansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Karin Ørnhøj Mortensen (fødd 26. september 1977) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Horsens. Ho vart olympisk meister med Danmark i 2000 og 2004, samt europameister 2002. I tida 2000-12 var Mortensen målvakt i 233 landskampar, skåra 4 mål.
Karin Mortensen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 26. september 1977 (46 år) Aarhus |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Mortensen debuterte for Danmark i 2000 og danna saman med Lene Rantala målvaktparet som ytte sitt til at det danske handballandslaget frå Sommar-OL 2000 reiste heim med olympiske gullmedaljar. To år seinare bidrog Mortensen mykje til at Danmark på heimebane vann EM-finalen med 25-22 over Noreg. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten forsvarte Danmark og Mortensen den olympiske meistertittelen etter ekstraomgangar mot Sør-Korea. Fire månader etter spelte Danmark seg fram til EM-finale mot Noreg, ein kamp Mortensen og lagvenninnene tapte 25-27.
Mortensen var aktiv i Vejlby-Risskov Idrætsklub til 1998, sidan gjorde ho teneste 1998-2002 i Horsens HK, 2002-06 i Ikast-Bording, 2006-10 i SK Århus og 2010-13 i FCK Håndbold/Fredriksberg IF.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.