Orlogskaptein er ei offisersgrad mellom kapteinløytnant og kommandørkaptein i sjøforsvaret.
Offisersgrada kaptein er vanleg i mange språk, men kan ha litt ulik tyding og posisjon i ulike land.
I siviladministrasjonen i nokre land, finst posisjonen kaptein - mellom anna på Filippinane (kapitan ng barangay).
Ordet kaptein kjem frå franskcapitaine som stammar frå det mellomalderlatinskecapitaneus som igjen er avleidd av det latinske caput, som betyr «hovud». Kaptein betyr altså opphavleg «overhovud», «førar», «leiar» eller «sjef». Ordet kan ha litt ulik bruk i ulike språk.
Det er ei mengde kjende kapteinar opp gjennom historia, både verkelege og oppdikta. Kapteintittelen fortel om ein person med makt og posisjon til å styre eit fartøy eller leie ei gruppe underordna, og kling godt i titlar og kallenamn. Listene her viser berre eit lite utval der kaptein inngår som ein vanleg del av namnet.
Historiske kapteinar
Captain Jack, kallenamn for Kintpuash (1837-1873), nordamerikansk indianarhovding
Kaptein Kaald, kaperkapteinen Paul Andreas Kaald (1784-1867) frå Trondheim
Kaptein Raudskjegg, klassisk piratnamn brukt både i teikneseriar, filmar og barneprogram. Raudskjegg, eller på italiensk Barbarossa, var opphavleg kallenamn på den tyrkiske kaperen Aruj (1474 – 1518).
Kapteinar frå bøker
Kaptein Ahab, hovudperson i den amerikanske forfattaren Herman Melville sin roman Moby Dick frå 1851
Kaptein Nemo, litterær person frå Jules Verne sin roman Ei verdsomsegling under havet frå 1870
Kaptein Skuteløs, eigenleg Skipper Skuteløs, psevdonym for forfattaren og forlagsmannen Fred A. Fredhøi m.fl.
Kaptein Krok (Captain James Hook), sjørøvar i skodespelet, filmane og barnebøkene om Peter Pan som kom første gong i 1903
Kaptein Efraim Langstrømpe, «negerkonge» og faren til den svenske barnebokbokfiguren Pippi Langstrømpe
Kaptein Puma, figur frå barnebøker og teikneserie med manus av Tor Åge Bringsværd
Kapteinar frå film og TV
Kaptein Blod, filmpirat spela av Errol Flynn i eventyrfilmen Captain Blood frå 1935
Kaptein Jack Sparrow, hovudrolla i dei amerikanske eventyrfilmane Pirates of the Caribbean frå 2005 og 2007, spela av Johnny Depp
Kapitan Kloss, oppdikta hemmeleg agent under andre verdskrigen kjend frå den populære polske TV-serien Stawka większa niż życie
Captain Power, amerikansk TV-figur frå science fiction-serien Captain Power and the Soldiers of the Future frå 1987-1988
Captain Flamingo, kanadisk teiknefilmfigur kjend frå barne-TV-serie frå 2006
Kaptein Grant, hovudperson i Jules Verne sin roman Kaptein Grants barn frå 1867. Han gav også ut boka Kapteinen på 15 år i 1878 om den unge Dick Sand og slavehandel i Afrika
Kapten Zoom, svensk barne-TV-figur frå serien Galaxer i mina braxer, sa Kapten Zoom frå 1970-talet
Russisk ubåtkaptein, Harald Heide Steen Jr. sin rollefigur i ein berømt sketsj på NRK, også i filmkomedien Deilig er fjorden 1985
Det er i tillegg mange filmar med Kaptein i tittelen.
Kapteinar frå teikneseriar
Kaptein Miki, cowboyhelt i italiensk teikneserie frå amerikansk westernmiljø gitt ut første gong i 1951
Kaptein Mark, hovudperson i italiensk teikneserie frå amerikansk nybyggartid utgitt første gong i 1966 av dei same teikneserieskaparane som gav ut Kaptein Miki.