From Wikipedia, the free encyclopedia
Kanga, også kalla khanga og leso, er eit fargerikt bomullsklede frå området rundt Dei store sjøane i Afrika som liknar kitenge, men er lettare. Kledet er rundt 1,5 meter langt og 1,1 meter breitt, og har ei utforming som skil det frå andre afrikanske klede.[1] Det har ofte eit sentralt motiv (swahili mji) med border i ei anna utforming (pindo) rundt. Under midtmotivet kan det ha ein kort tekst, jina ('namn'). Mønstera er trykte i sterke fargar og kan vera inspirerte av natur eller visa personar.[1]
Kanga er rekna som nasjonaldrakt i Tanzania.[2] Han blir særleg brukt av kvinner og ein del av menn. Det blir gjerne selde i par, slik at ein kan laga sett av dei. Namnet «kanga» skal koma av at det opphavlege spetta svarte og kvite mønsteret på kleda likna det til perlehøns,[1] som også heiter kanga på swahili.[3]
Kanga kan brukast til ei rekkje føremål, til dømes som skjørt, forkle, hovudklede, handklede, sengeklede, bønneklede, gardin, dukar og mykje anna.[3] Ein tradisjonell måte å bruka kanga på er å ha ein som skjørt eller sarong og ein annan som eit sjal over skuldrer og hovud. Muslimske kvinner kan bruka kanga som bønesjal.[3] Kangaer kan også brukast som beretøy for å bera småbarn.[4] Dei blir også selde som suvenirar og brukt innan moteverda.[1]
Kanga har ei kulturell viktig tyding på den afrikanske austkysten, og blir ofte gjeven i gåve i samband med fødselsdagar og andre høve.[5] Dei kan også bli gjevne som del av ein michengo (innsamling) til ein familie i sorg i Tanzania etter at dei har mista eit familiemedlem. Kangaer liknar også på kishutu og kikoyklede, som tradisjonelt er blitt brukte av menn. Kishutu er ei av dei eldste kjende utformingane, truleg kalla opp etter ein by i Tanzania, og er særmerkte ved at dei blir gjevne til unge brurer som del av medgifta eller av healerar mot vonde ånder. Den rituelle funksjonen gjer at klede meint for dette høvet ikkje nødvendigvis har eit visdomsord påtrykt.[5]
Kangaklede kan brukast til å dela ulike meldingar, som personlege eller religiøse helsingar, politiske slagord og helseråd.[1]
Kanga har vore brukt som klede av kvinner i Aust-Afrika sidan 1800-talet.[6] Kleda er knytte til swahilikulturen. Det er uklart om dei først oppstod i Mombasa eller Zanzibar.[3] Det finst ulike tidlegare tradisjonar for utforming av klede som kan ha ført fram til kangaen. Kledetradisjonen er påverka av ein mangeårig handel med austen og vesten, og med det indre av Afrika.[7]
På Zanzibar omtalte ein ubleika og ufarga bomullsklede importerte frå USA som merikani, eit swahili-substantiv avleidd frå adjektivet American. Dette kledet blei utbreidd frå midten av 1800-talet.[8] Det blei brukt som klede av slavar. Mannlege slavar knytta kledet om livet medan kvinnelege slavar festa det ved armholene.[9][10] Dersom ein farga merikaniklede svart eller mørkeblått med indigo kunne ein kalla dei kaniki.[11] Dette var opphavleg ei nemning om kalikostoff importerte frå India, som hadde vore mest populære fram til då.[12][1] Etterkvart byrja ein dekorera kleda på andre vis, som mønsterfarging, blokktrykking eller måling.
Eit anna mogleg opphav er mønstra tørkle kalla lencos som portugisiske handelsfolk hadde med seg frå India og Arabia. Kvinner i Zanzibar og Mombasa kunne sy saman fleire mindre tøystykke til eit større, rektangulært tøystykke med eit nytt, sjølvlaga mønster. Dette kledet blei utbreidd i heile kystregionen, og spreidde seg etterkvart til dei store sjøane. Etterkvart byrja handelsfolk å bestilla klede i liknande design, som eit stykke tøy laga av seks lenco-stykke, men no som eit enkelt klede.[13] Kleda er framleis kjende som lesos eller lessos i nokre område, etter det portugisiske ordet.
Tidlege kangaer blei gjerne dekorerte for hand med blokktrykk. Deretter blei det vanleg å produsera mønstera industrielt ved fabrikkar i India og Europa, både med design frå Afrika og laga ved fabrikkane sjølve.[8] Fram til midten av 1900-talet blei kangaklede hovudsakleg utforma og trykka i India, Den fjerne Austen og Europa. Frå 1950-talet byrja ein også å trykka kangaer i byen Morogoro i Tanzania (MeTL Group Textile Company), Kenya (Rivatex og Thika Cloth Mills Ltd er nokre av dei største produsentane i landet) og andre afrikanske land.[6]
Tidleg på 1900-talet blei det vanleg å trykka ordtak, munnhell, aforismar og slagord på kangaer. Ein kjøpmann i Mombasa, Kaderdina Hajee Essak som var kjend som «Abdulla», byrja å merka kangaene han selde med «K.H.E. - Mali ya Abdulla»,[14] og la ofte også til eit swahili-ordtak. Opphavleg var desse trykte med arabisk skrift, seinare tok ein i bruk latinske bokstavar.[6] Slagorda har ofte form som gåter eller ordtak. Dersom ein gjev ein kanga i gåve må ein merka seg slagordet og sikra at det ikkje kan oppfattast som ei fornærming.
I den austlege delen av bruksområdet er det vanleg å ha tekstar på swahili, medan i det sentrale området kan dei vera på swahili eller lingala. På Madagaskar er kleda kjente som lamba og har slagord (ohabolana) på malagassisk.
Nokre døme på ordtak som blir brukte er:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.