From Wikipedia, the free encyclopedia
Kamila Shamsie (fødd 13. august 1973)[2] er ein prisløna pakistansk-britisk forfattar.
Kamila Shamsie | |
Verkeleg namn | Kamila Naheed Shamsie[1] |
Nasjonalitet | pakistansk-britisk |
Statsborgarskap | Pakistan, Storbritannia |
Fødd | 13. august 1973 (51 år) Karachi |
Yrke | forfattar |
Aktive år | 1998- |
Språk | engelsk |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Religion | Islam |
Mor | Muneeza Shamsie |
Kamila Shamsie på Commons |
Shamsie er fødd i Karachi. Mor hennar er journalisten og redaktøren Muneeza Shamsie.[3] Bestemora henner var begum Jahanara Habibullah, med band til fyrstefamilien i Rampur.[2] Ho er også grandniese av forfattaren Attia Hosain og fører sjølv den litterære tradisjonen i familien tilbake til oldemora Inam Habibullah, som skreiv eit memoar på urdu.[4]
Shamsie gjekk på Karachi Grammar School.[2] Deretter tok ho ein BA-grad i Creative Writing ved Hamilton College i New York[2] og ein mastergrad ved MFA Program for Poets & Writers ved University of Massachusetts Amherst.[2] I 2007 flytta ho til London, og har no dobbelt statsborgarskap i Storbritannia og Pakistan.[1]
Ho debuterte i 1998 med romamen In the City by the Sea, som ho skreiv medan ho gjekk på college, og har sidan gjeve ut fleire romanar.[5] Shamsie har også skrive for avisa The Guardian.[6] I 2009 gav ho ut ei sakprosabok, Offence : the Muslim case.
Shamsie wrote her first novel, In The City by the Sea, while still in college, and it was published in 1998 when she was 25.[7] Boka var finalist til den britiske John Llewellyn Rhys-prisen.[8] Etter sin andre roman Salt and Saffron frå 2000 blei ho vald ut som ein av Orange sine «21 Writers of the 21st century». I 2013 blei ho teken med på Granta si liste over dei 20 beste unge britiske forfattarane.[9]
Alle dei fire første romanane hennar har handling frå Karachi; seinare romanar har eit breiare geografisk spenn som omfattar Japan og Storbritannia.[7] Også den tredje romanen hennar, Kartography, var finalist til John Llewellyn Rhys-prisen.[8] Den femte romanen hennar Burnt Shadows var finalist for Orange Prize for Fiction[8] og vann ein Anisfield-Wolf Book Award.[10] A God in Every Stone var finalist for Walter Scott-prisen i 2015[11] og til Baileys Women's Prize For Fiction.[12] Den sjuande romanen hennar Home Fire var nominert til Bookerprisen 2017.[13]
Ho er medlem av Royal Society of Literature.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.