From Wikipedia, the free encyclopedia
Jøkulkyrkja, òg kalla Massiv Jakova Gakkelja, er eit breitt, isdekt fjell med fleire utspring, aust for Lundebreen i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Med ei høgd på 3148 meter over havet er fjellet det høgaste punktet i Dronning Maud Land og alle området i verda som vert rekna som ein del av Noreg.[1] Jøkulkyrkja ligg ved Prinsesse Astrid Kyst. Håhellerskarvet på 2910 moh ligg i sørvest og mellom dei to toppane ligg den 40 km lange Lundebreen, som flyt nordvestover.
Jøkulkyrkja | |||
fjell | |||
Jøkulkyrkja sett frå aust. Toppen er bak det som verkar å vere det høgaste punktet til høgre. | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Mühlig-Hofmannfjella | ||
Topp | Dronning Maud Land | ||
• høgd | 3 148 moh. | ||
- koordinatar | 71°53′S 6°40′E | ||
Lettast tilkomst | lett snø/isklatring | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Jøkulkyrkja 71.883333333333°S 6.6666666666667°E | |||
Jøkulkyrkja vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeve Jøkulkyrkja. Det første leddet jøkul tyder liten isbre.[2]
Den første stiginga av Jøkulkyrkja vart utført i januar 1994 av eit lag på 13 fjellklatrarar leia av Ivar Tollefsen. Den første kvinna som nådde toppen av fjellet var Merete Asak i november 2010.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.