Julmust
From Wikipedia, the free encyclopedia
Julmust er ein svensk most og leskedrikk. Must blir hovudsakleg drukke til jul og ein del til påske. I påska blir musten kalla påskmust. Drikkane til dei to høgtidene har som regel same oppskrift, men det finst unnatak.[1]

Drikken finst gjennom heile året som «must» av til dømes Apotekarnes. Tidlegare vart Apotekarnes must laga før jul og vart lagra i eit år før han vart seld som julmust.
Historie
Tidleg på 1920-talet vart must lansert som ein alternativ måltidsdrikk till den då populæraste mørke ølet under namnet Münchener-öl eller München-öl. Oppskrifta på musten fekk dei opphavlege eigarane frå Tyskland der Harry Roberts hadde studert kjemi. I 1910 starta dei tilverking i Örebro. Oppskrifta er hemmeleg og berre to personar kjenner til dei eksakte ingrediensane.[2] I tillegg til hemmelege smaksstoff inngår mellom anna malt og humle (no i ekstraktform).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.