Juledekorasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Juledekorasjon eller juleutstilling er ei oppstilling eller arrangement av ulike pynteelement i samband med jul. Slike utstillingar kan finnast på fleire ulike stader og ha mange føremål, som å skapa julestemning,[1] trekka til seg folk,[2] knyta saman lokalsamfunn, visa fram rikdom, samla inn pengar til veldedige føremål[3] eller selja varer.


Juledekorasjonar kan innehalda ulike former for eller framstillingar av julepynt, juletre, blomar og grønt, levande eller elektriske lys,[2] julefigurar, vintereffektar som pyntesnø og diverse andre element som kan minna om jul, lys eller vinter.
Det er vanleg å laga juledekorasjonar i heimar, institusjonar, offentlege stader og ulike verksemder som butikkar, stormagasin og kjøpesenter. Ein kan setja opp juledekorasjonar i oktober, november[4] eller desember. Dei blir gjerne tekne ned ein gong i januar.[3] Større dekorasjonar kan ha ei offisiell opning utført av til dømes ein kjendis, politikar eller annan lokal person.
Julekrybber
Julekrybber er utstillingar med figurar frå juleevangeliet og ulike tilleggsfigurar. Julekrybber eller presepio blei utbreidde i Italia på 1500-talet, og utvikla seg frå enkle framstillingar av Jesusbarnet i ei krybbe med to dyr rundt til rike tablå av figurar og bygningar tilknytt den bibelske forteljinga og sitt eige nærmiljø.[5] Julekrybbene blei opphavleg sette opp i kyrkjer nær altaret, men blei seinare attraksjonar i husa til framståande adelsfolk.[6] Det finst i dag ei rekkje ulike variasjonar over krybbene, som Weihnachtsberg (julefjell) frå Tyskland og Tsjekkia, papirový betlém eller 'papirkrybber' frå Tsjekkia, szopka frå særleg Kraków i Polen, og caganer-tradisjonen frå Catalonia.[7]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.