From Wikipedia, the free encyclopedia
Jonathan Tisdall (fødd 26. august 1958) er ein amerikansk-norsk sjakkspelar fødd i Buffalo i delstaten New York i USA.
Jonathan Tisdall | |
Statsborgarskap | Noreg, USA |
Fødd | 26. august 1958 (66 år) Buffalo i New York |
Idrett | sjakk |
Tok del i | Sjakk-OL 1988, Sjakk-OL 1992, Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996 |
Jonathan Tisdall blei utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1981.[1] Han busette seg i Noreg i 1985.[2] Han blei utnemnd til Internasjonal Sjakkstormeister i 1995, som den andre norske med denne tittelen.
Tisdall kvalifiserte seg for stormeister-tittelen ved to sterke turneringsresultat på slutten av 1980-talet, og deretter det tredje i 1993. Det nødvendige kravet om å oppnå ein eigen FIDE-rating på 2500 hadde han til då ikkje klart, men oppnådde dette våren 1995.
Tisdall har blitt noregsmeister i sjakk 3 gongar, i 1987, 1991 og 1995.
Jonathan Tisdal har spelt 4 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1988, 1992, 1994 og 1996. I tre av dei spelte han på 2. bord, i 1994 på 3. bord. I desse 4 turneringane spelte han til saman 47 parti, og skåra 25 poeng etter 13 sigrar, 24 remisar og 10 tap, 53,2 %.[3]
Tisdall var opphavleg amerikansk statsborgar med irsk far og japansk mor. Han tok først irsk statsborgarskap, og seinare norsk. Jonathan Tisdall er medlem i Asker sjakklubb.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.