Jolene av Dolly Parton
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Jolene» er ein song skriven og framført av den amerikanske countryartisten Dolly Parton. Han vart gjeven ut i oktober 1973 som den første singelen og tittelsporet frå albumet med same namnet, produsert av Bob Ferguson. Songen er rangert på 219. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tindene.
Jolene Singel av Dolly Parton frå albumet Jolene | ||
B-side |
«Love, You're So Beautiful Tonight» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1973 | |
Sjanger | Countrypop, bluegrass | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | RCA Nashville | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent | Bob Ferguson | |
Dolly Parton-kronologi | ||
«Traveling Man» (1973) |
Jolene | «I Will Always Love You» (1974)
|
Historie
«Jolene» fortel soga om ein kvinne som konfronterer Jolene, ei særs vakker kvinner, som ho trur prøver å stele mannen hennar frå henne, og bed hom å ikkje ta han frå ho. Gjennom heile songen tryglar kvinna Jolene om å ikkje ta han frå ho, sjølv om ho kan (please don't take him just because you can). Songen vart den andre førsteplassen til Parton på country-lista. Han nådde førsteplassen i februar 1974, og vart ein mindre pophit for ho. Året etter vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia der han nådde sjuandeplassen på UK singles chart.
Etter å ha framført «Jolene» på Glastonburyfestivalen i 2014, skal Parton ha sagt at songen var inspirert av ei raudhåra kvinne som Parson følte mannen hennar var for mykje i lag med då dei var nygifte.
Lister
Liste (1973–1974) | Plassering |
---|---|
Canada (RPM)[1] | 84 |
Canada Adult Contemporary Songs (RPM)[2] | 40 |
Canada Country Singles (RPM)[3] | 1 |
Danmark (Tracklisten)[4] | 19 |
Irland (IRMA)[5] | 8 |
Sverige (Sverigetopplistan)[6] | 16 |
UK Singles (Official Charts Company)[7] | 7 |
US Billboard Hot 100[8] | 60 |
US Adult Contemporary (Billboard)[9] | 44 |
US Country Songs (Billboard)[10] | 1 |
Andre versjonar
White Stripes
Jolene (Live Under Blackpool Lights) Singel av The White Stripes frå albumet Under Blackpool Lights | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. november 2004 | |
Sjanger | Garagerock, alternativ rock | |
Lengd | 2:37 | |
Selskap | XL Recordings | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Produsent | Jack White | |
The White Stripes-kronologi | ||
---|---|---|
«There's No Home for You Here» (2004) |
Jolene (Live Under Blackpool Lights) | «Blue Orchid» (2005)
|
The White Stripes spelte inn «Jolene» som ein live-singel. Denne nådde 16. plassen i Storbritannia i november 2004. The White Stripes hadde tidlegare gjeve ut ein studioversjon av «Jolene», som B-sida til singelen deira «Hello Operator» i 2000 frå albumet De Stijl. I Australia nådde singelen tiandeplassen i 2004. Eit anna konsertopptak av songen finst på konsertalbumet Under Great White Northern Lights frå 2010.
- Innhald
- "Jolene (Live Under Blackpool Lights)"
- "Black Math (Live Under Blackpool Lights)" (only on cd version)
- "Do (Live Under Blackpool Lights)" (only on vinyl flip side)
Andre versjonar
- Olivia Newton-John sin versjon kom ut i 1976 på albumet Come on Over. Denne versjonen vart gjeven ut som singel i Japan.
- Sherrié Austin spelte inn ein versjon i 2001 for albumet Followin' A Feeling.
- Punkrockbandet Me First and the Gimme Gimmes spelte songen på det sjette albumet deira, Love Their Country, i 2006.
- Postpunk-bandet The Sisters of Mercy spelte songen som ei rekkje «ukule» coverversjonar for å provosere publikummet sitt.
- Darcy Clay spelte ein versjon av songen i 1997 på Jesus I Was Evil.
- Den norske elektroniske og eksperimentelle duoen Susanna and the Magical Orchestra spelte songen i 2004 på debutalbumet List of Lights and Buoys.
- Sophie Ellis-Bextor spelte songen i 2008 og denne vart nytta i BBC-serien Beautiful People.
- Laura Marling spelte songen i lag med Mumford & Sons.
- Nederlandske Anneke van Giersbergen har framført songen på konsertane sine.
- Queenadreena spelte songen i 2000.
- Strawberry Switchblade spelte ein electro-pop-versjon av songen som vart gjeven ut som singel i 1985.
- Ellie Goulding spelte songen i 2009.
- I tillegg til dei nemnde over er «Jolene» framført av Leila Forouhar, Natalie Merchant, Rubber Rodeo (1981), Keith Urban, Paula Cole, Jill Johnson (2007), Reba McEntire, Mindy Smith, Katie B, Sherrié Austin, Rhonda Vincent, the Geraldine Fibbers, Lacrimosa, Queen Adreena, Ashley Arrison, Alison Krauss, One Dove, Alexander Veljanov, Candies, Elisabeth Andreassen (2004), Mindy Smith, Jessica Lowndes, Fiona Apple, John Mayer, Keith Urban og Norah Jones, Samuel Larsen, Miley Cyrus og Straight No Chaser.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.