irsk komponist og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia
John Field (26. juli 1782–23. januar 1837) var ein irsk pianist og komponist. Han blir rekna som oppfinnar av musikkforma nocturne som Frédéric Chopin utvikla vidare.
John Field | |||
| |||
Fødd | 26. juli 1782 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dublin | ||
Død | 23. januar 1837 (54 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Opphav | Irland, Kongeriket Irland, Det russiske imperiet | ||
Sjanger | klassisk musikk, nokturne | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist, komponist, lærar, lyrikar | ||
Born | Leon Leonov |
John Field blei fødd i Dublin. Han studerte først klaver hos far sin som var fiolinist, og seinare med Tommaso Giordani. Han fortsette utdanninga hos Muzio Clementi i London. I 1802 følgde han med Clementi på ei reise til Paris for å vise fram klaver som Clementi hadde bygd og for å opptre som pianist. Året etter reiste begge til St. Petersburg der Field blei værande og skapte seg eit ry som kunstnar og lærar. Han foretok òg ei rekke konsertreiser. Frå 1822 til han døydde i 1837 budde han i Moskva.
Field er den første komponisten som skreiv nocturner. Desse stykka påverka Frédéric Chopin i sterk grad, og han skreiv sjølv 21 nocturner som gjorde forma vidkjend. Field sine i alt 18 nocturner høyrer til dei tidlegaste einsatsige, romantiske karakterstykka for klaver og kan sjåast på som viktige forløparar for mange romantiske komponistar sine verk, til dømes Felix Mendelssohn Bartholdy, Robert Schumann, Franz Liszt og Edvard Grieg.
Field skreiv sju klaverkonserter, den andre (1811) er nok den mest kjende, sjølv om den fjerde (1819) ofte blir sett på som meir verdefull reint musikalsk. Av orkesterverk finst det tre rondoar og ein transkripsjon av Field sin tolvte nocturne, ved sida av et stor tal verk for piano solo, kammermusikalske verk og nokre få vokale verk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.