kyrkje i Bergen From Wikipedia, the free encyclopedia
Johanneskyrkja i Bergen er ei krosskyrkje frå 1893 som står på Sydneshaugen i Bergen sentrum. Kyrkja er også Bergens høgaste bygning med eit tårn på 61 meter.
Johanneskyrkja | |||
kyrkje | |||
Foto: Sergey Ashmarin | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Bergen domprosti | ||
Sokn | Bergen domkyrkje | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Periode | Nygotisk stil | ||
Arkitekt | Herman M. Backer | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Glassert tegl på granittsokkel | ||
Innvigd | 15. mars 1893 | ||
Tårn | Hovudtårn i nordaust, 61 m høgt, 4 trappetårn | ||
Takryttar | Ein liten kopartekka takryttar over krysset | ||
Portal | Hovudportal i tårnfoten, to motståande portalar i langmurane | ||
Kor | I sørvest | ||
Skip | Einskipa. Krossarmar med galleri | ||
Klokker | Frå Bochumer Verein, Westfalen, 1893. Klokkespel med 48 klokker frå 2014 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Av eik, åttesida. Teikna av arkitekt Backer. | ||
Døypefont | Av kunststein i nygotisk stil av Wilhelm von Hanno | ||
Altartavle | Kristus i bøn. Måleri av Marcus Grønvold, 1894 | ||
Orgel | Schlag & Söhne, Württemberg 1894. Modernisert 1967 | ||
Sitjeplassar | 1250 | ||
Diverse | Glasmåleri, stjernemotiv, 1894. | ||
Johanneskyrkja 60.3885°N 5.3193°E | |||
Wikimedia Commons: Johanneskirken, Bergen | |||
Så tidleg som i 1684 fekk Jørgen Tormøhlen løyve til å byggja kyrkje på Sydnes, men ein veit ikkje om det blei noko av kyrkjebygginga den gongen. 200 år seinare, i 1885, vart Johanneskyrkjas prestegjeld skild ut frå Domkyrkja, og i 1888 vart det halde arkitekttevling til ny kyrkje på Sydnes. Vinnarbidraget vart teikna av Herman M. Backer. Frå 1891 vart byggingsarbeidet leidd av Hans Heinrich Jess. Grunnsteinen vart lagt ned den 27. november 1891, og kyrkja stod ferdig i 1894, då ho vart innvigd 15. mars. Ho har 1250 sitjeplassar,[1] og har med det det største kyrkjerommet i byen. Johanneskyrkja er ei soknekyrkje og held normalt gudstenester på sundagane gjennom kyrkjeåret, i tillegg til gudstenester på onsdagar og torsdagar.[2]
Kantor Asbjørn Myksvoll kjempa i mange år for å få klokkespel til Johanneskyrkja. I 2003 fekk han klarsignal frå soknerådet i kyrkja,[3] men det skulle ta om lag ti år før det var samla inn nok pengar. Hausten 2013 vart det støypt til saman 48 klokker i byen Asten i Nederland,[4] og dei ferdige klokkene, som til saman veg 14 tonn, kom til Sydneshaugen med lastebil den 31. mars 2014. I april vart dei heiste opp i tårnet med kran.[5] Klokkespelet vart offisielt innvigd av ordførar Trude Drevland den 17. mai 2014.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.