From Wikipedia, the free encyclopedia
Johannes Andreas Barstad (7. april 1857–7. januar 1931) var ein norsk prest, salmediktar og redaktør, fødd og død i Volda på Sunnmøre. Barstad starta og dreiv det nynorskspråklege kristenbladet Stille Stunder i over 40 år. Han var dotterson av Rasmus S. Aarflot.
Johannes Barstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. april 1857 Volda kommune |
Død |
7. januar 1931 (73 år) |
Yrke | prest, redaktør |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Etter å gått den «høiere almue- og lærerskole» i heimbygda, tok Barstad artium i hovudstaden i 1877. Han fullførte teologisk embetseksamen ved universitetet i 1883, dei neste tre åra var han lærar i Stavanger. Frå 1886 var han kallskapellan i Volda prestegjeld, som i tillegg til hovudsoknet femnde om sokna Dalsfjord og Ørsta. I perioden 1896-1919 var han sokneprest i Volda, dei fyrste fire åra i konstituert stilling. Frå 1919 til 1928 var han sokneprest på Voss i Hordaland.
Barstad kom tilbake til Volda og Sunnmøre i ei tid prega av kristelegsinna vekkingrørsler og idestrid. Inspirert og utfordra av dette sette han i 1889 i gang bladet Stille Stunder, saman med Henrik Kaarstad og Bernt Støylen. Barstad var redaktør av bladet, ei stilling han hadde til han døydde. Stille Stunder var det fyrste kristelege bladet som vart redigert på nynorsk. Bladet har vorte tildelt ei hovudrolle i den såkalla «kristninga av landsmålet».
På 1890-talet tok Barstad til å skrive salmar, og han omsette salmar frå andre språk. Desse og andre tekstar publiserte han fyrste gongen i Stille Stunder. Eigne og omsette salmar kom fyrste gong i samling i 1904 (Kvæde). Ti år seinare kom ei ny samling (Klokkeljod). Stille Stunder kjem framleis ut.
Barstad var medlem av nemnda som reviderte Landstads salmebok. I denne boka (1924) kom elleve av Barstads eigne salmar med, attåt fire som han hadde omsett. Seinare var han ein viktig talsmann for Nynorsk Salmebok. Fjorten av hans salmar kom med i den nynorske salmeboka, dessutan fem omsetjingar. I Norsk Salmebok som kom ut i 1985 er fire Barstad-salmar medtekne. Dessutan er to omsette salmar, der han har vore delaktig, med. Den eine omsette salmen er det kjende bordverset Gud signe maten, der Barstad har omsett den andre og lite brukte sistestrofen.
Han har òg éin eigen salme og éi omsetjing som er vortne sette om til færøysk og tekne med i den færøyske salmeboka Sálmabók Føroya kirkju.
Barstad forfatta også nokre bøker i prosa, så som Kristeleg aarbok og Evangeliet etter Markus. Praktisk tolka for skule og heim. Dessutan Kristeleg kalender, Kristelege barnesogor og ei barnebok.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.