Joe Cole
From Wikipedia, the free encyclopedia
Joseph John Cole, kjend som Joe Cole, (fødd 8. november 1981) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var offensiv midtbanespelar for ei rad klubbar i England og utanlands, fyrst og fremst er hans aktive karriere knytt til London-laga Chelsea FC og West Ham United. Perioden 2001-10 deltok Cole i 56 av England sine landskampar.

Cole debuterte for West Ham i januar 1999. Etter at klubben rykte ned frå toppdivisjonen i 2003, sa han nei til ny kontrakt. Same sommaren vart han overført til Chelsea FC mot 6,6 millionar pund. Fram til 2010 var han med å vinne ei rad titlar med den nye rikmannsklubben frå vest i London. Tidt og ofte desse åra veksla ha mellom å vere med i fyrsteellevaren og kome på bane som innbytar.
Etter å ha vunne tre ligameisterskap, to FA-cupfinalar og ein ligacupfinale, drog han sommaren 2010 vidare til Liverpool FC. Fram til 2016 gjorde han elles teneste i franske Lille OSC, West Ham, Aston Villa og Coventry City.
Cole fekk sin landslagdebut 25 . mai 2001. Han spelte for England både i Fotball-VM 2002, 2006 og 2010. Under verdsmeisterskapen i Sør-Afrika var han innbytar då Tyskland i oktofinalen sende England heim med tap 1–4. Det vart hans siste av 56 landskampar, i berre 10 av dei var han på bana i samtlege 90 minutt. Han skåra 10 landslagsmål.
- Ligameister: 2005, 2006 og 2010 med Chelsea FC
- Vinnar av FA-cupen: 2007 og 2009 med Chelsea FC
- Vinnar av ligacupen: 2005 med Chelsea FC
- Tapande finalist i meisterligaen: 2008 med Chelsea FC
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Joe Cole» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.