norsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Jenny Jenssen (fødd 22. februar 1964 i Bjerkvik) er ein norsk vokalist og artist/entertainar. Ho er kjend både som frontfigur i gruppa Septimus, soloartist og frå 2019 programleiar i radiokanalen P10 Country[1]. Ho har drive utstrakt turnéverksemd i Noreg og har opptredd i TV og på radio ved fleire høve, blant anna i feelgoodprogrammet Fem folkekjære fra Momarkedet. Jenssen deltok i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 2007 og i delfinalen 2020. Jenssen har selt over 300 000 plater, motteke éi dobbel platinaplate og fire gullplater.
Jenny Jenssen | |||
Fødd | 22. februar 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bjerkvik | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, plateartist |
Jenssen har vore med i draumekoret til Bettan og sunge duett med Bjarte Hjelmeland. I 2007 debuterte Jenssen som skodespelar i TV-serien Willys jul.
I 2010 var Jenssen med i Maestro på NRK1. Våren 2011 deltok Jenssen og familien i programmet Charterfeber – Kjentfolk på tur på TV3. Hausten 2012 var Jenssen deltakar i Stjernekamp på NRK1. I mars 2013 var ho igjen å sjå som deltakar i 4-stjerners middag saman med Jannecke Øinæs, Beint Høie og Assad Arif.
Hausten 2014 feira Narvik Kulturhus Jenssen med festtilstellinga 50 år i livet – 40 år på scenen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.