From Wikipedia, the free encyclopedia
Jan Thomas Njerve (7. juni 1927–17. november 2014) var ein norsk biletkunstnar, fødd i Porsgrunn. Han er mest kjend for portrettmålarstykka sine, mellom dei tjue bilete av medlemer av kongefamilien, som bilete av kong Olav V i Oslo rådhus, i Sjømannskyrkja i København, i Balliol College i Oxford, og i Stortinget (1983); kong Harald V i Bergen Militære Samfund og dronning Sonja i Sjømilitære Samfund. Elles heng bilete av Gunnar Sønsteby i Forsvarsdepartementet og av Wenche Foss i Drammen Teater. Av andre oppdrag kan nemnast scenografi til Madame Butterfly (1963).
Jan Thomas Njerve | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juni 1927 |
Død |
17. november 2014 (87 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrett |
Ektefelle | Kari Frisell |
Han har òg ein omfattende landskapskunst og var representert i Nasjonalgalleriet alt i 1960.
Jan Thomas Njerve var utdanna under Jean Heiberg ved Statens Kunstakademi (1946–48). Han var gift med operasongaren Kari Frisell.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.