From Wikipedia, the free encyclopedia
Jamtland eller Jamteland (svensk Jämtland, norrønt Jamtaland, bokmål og dansk Jemtland) er eit landskap i Norrland i midt-Sverige. Jamtland grensar i vest til Noreg og Trøndelag fylke, i nordaust til Lappland, i aust til Ångermanland og i sør til Härjedalen og Medelpad. Landskapet har om lag 20 000 kjende fornminne.
Jamtland har fått namnet sitt frå Kjetil Jemte, som flydde frå Trøndelag på 700 eller 800-talet.
Jamtland var ein sjølvstyrt bonderepublikk[treng kjelde] i mellomalderen med blant anna eiga lov og eigen valuta. Jamtland hadde ingen statsforvaltning og kunne nærast reknast som eit anarki i denne perioden. Fleire av nybyggjarane som flytta til Jamtland var norske og i 1178 vart Jamtland norsk, og lagt under den norske kongen og statsmakta. Området var norsk i over 450 år, fram til 1645 då svenskane okkuperte området og så annekterte det i freden i Brömsebro i 1645. Det har dermed vore svensk i over 350 år.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.