britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Jackie Milburn, eigenleg namn John Edward Thompson Milburn, (11. mai 1924–9. oktober 1988) var ein engelsk fotballspelar frå Ashington. Han vert hugsa for sine mange sesongar som angrepsspelar for Newcastle United.
Jackie Milburn | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 11. mai 1924 Ashington |
Død | 9. oktober 1988 (64 år) Ashington |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1950 |
Utmerkingar | English Football Hall of Fame |
Milburn var aktiv i Newcastle United frå 1943 til 1957. Her var han med om å vinne FA-trofeet i 1951, 1952 og 1955. Han skåra begge måla då Blackpool FC vart slått 2-0 i 1951 og det fyrste målet då det vart siger 3-1 over Manchester City i 1955. Frå hausten 1957 til 1960 var han trenar og spelar for irske Linfield FC, ein klubb han leia til ligatriumf i 1959 og 1960.
I tida oktober 1948 til oktober 1951 deltok Milburn i 12 av Englands landskampar, skåra 10 mål. Så å seie på dagen fire år seinare fekk han ein 13. og siste landskamp, borte mot Danmark i København.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.