Jack Sonni (9. desember 1954–30. august 2023)[1] var ein forfattar, musikar og tidlegare salssjef som er mest kjend som «den andre gitaristen» i Dire Straits i Brothers in Arms-tida til bandet.
Jack Sonni | |||
I lag med Dire Straits i Noreg i 1985. Foto: Zoran Veselinovic | |||
Fødd | 9. desember 1954 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Indiana | ||
Død | 30. august 2023 (68 år) | ||
Fødenamn | John Thomas Sonni | ||
Alias | Jack | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | Dire Straits | ||
Verka som | gitarist |
Karriere
Sonni møtte studiogitaristen Elliott Randall i New York som overtydde han til å flytte til byen og starte karrieren sin der. Sonni budde i New York frå 1976 til 1985 og starta sitt eige band. Seint i 1970-åra spelte bandet til Sonni, The Leisure Class[2] fast kvar måndag kveld på Kenny's Castaways på Bleecker Street i Greenwich Village, ein stad for lovande, unge artistar. I 1978 byrja han å arbeide ved den nyopna Rudy's Music Stop, eigd av Rudy Pensa, der han møtte medlemmar i Dire Straits, først David og så Mark Knopfler.
Han vitja Knopfler-brørne i London, og etter David (og sidan Hal Lindes) slutta i bandet, vart Sonni spurt om han ønskte å bli med i bandet i 1984 for innspelinga av Brothers in Arms og den påfølgjande turneen.[3] Sonni spelte gitar og synthesizer på «The Man's Too Strong».
Sonni samarbeidde med andre musikarar etter Dire Straits, men enda musikkarrieren sin då tvillingdøtrene Caitlin & Nadine vart fødde i 1988. Han starta då som marknadssjef for produsentar av digital teknologi for musikk.[4]
Diskografi
- Brothers in Arms (1985)
- Money for Nothing (samleplate) (1988)
- Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits (samleplate) (1998)
- The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations (samleplate) (2005)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.