Ivanka Khristova
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ivanka Khristova (19. november 1941–24. februar 2022) var ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oskovitsa som tevla i kulestøyt. Ho vann gullmedaljen i øvinga i OL 1976, og bronsen i OL 1972.
Ivanka Khristova | |
Statsborgarskap | Bulgaria |
Fødd | 19. november 1941 Osikovitsa |
Død | 24. februar 2022 (80 år) Bulgaria |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972 |
Utmerkingar | Sosialistisk arbeidshelt |
Khristova vart nummer seks i kuletevlinga under Sommar-OL 1968. Året etter kom ho på fjerdeplass i friidretts-EM, etter å sett bulgarsk rekord med 18,04 meter. Ved sommarleikane 1972 tok Khristova bronsemedaljen med 19,35 meter, langt bak sølvvinnar Margitta Gummel frå Aust-Tyskland.
I byrjinga av juli 1976 sette Khristova verdsrekord i kulestøyt med 21,87 m, ein rekord ho straks forbetra til 21,89 m. Den 26. juli tok Helena Fibingerová frå Tsjekkoslovakia over rekorden med eit støyt på 21,99 m. Fem dagar seinare var det klart for OL-finale i kvinnene si kuletevling i kanadiske Montreal. Her leia Nadesjda Tsjisjova frå Sovjetunionen tevlinga til og med fjerde omgang. I femte omgang tok Khristova leiinga med eit støyt på 21,16 m, ei liing som heldt seg til tevlinga var over.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.