Ivan Krylov
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ivan Andrejevitsj Krylov (13. februar 1769–21. november 1844) var ein russisk fabeldiktar, svært populær i Russland. Han skreiv over 200 fablar.
Ivan Krylov | |
Pseudonym | Navi Volyrk |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 2. februar 1769 Moskva |
Død |
9. november 1844 (75 år) |
Yrke | lingvist, lyrikar, skribent, journalist, fabulist, dramaturg, forleggjar, omsetjar, barnebokforfattar |
Språk | russisk |
Sjanger | fabel, skodespel, dikt, prosa |
Medlem av | Det russiske vitskapsakademiet, Vitskapsakademiet i St. Petersburg |
Ivan Krylov på Commons |
Krylov var fødd i Moskva. Han skreiv og gav ut fleire tidsskrift frå 1789. Her publiserte han forteljingar som Pokhvalnaja retj v pamjat moemu dedusjke (1792). 1805-1810 omsette han fablar av Jean de La Fontaine frå fransk til russisk. År 1806 debuterte han med sine eigne fablar.
Det finst ingen moral i Krylovs fablar, men han gjorde ofte narr av byråkrati, korrupsjon og slektshovmod. Ein av fablane hans handlar om gjæser som sette nebben i veret og ikkje ville verte slakta, ettersom forfedrane hadde kakla på Capitol og redda Roma frå gallarane.
Krylovs språk er folkeleg, rikt og treffsikkert.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.