Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Isle of Wight-festivalen er ein årleg musikkfestival som blir halden på den engelske øya Wight (Isle of Wight). Han blei opphavleg halden frå 1968 til 1970 på høvesvis garden Ford (nær Godshill), Wootton og Afton Down (nær Freshwater). Festivalen i 1970 var så langt den største og mest berømte av desse tidlege festivalane. Blant dei som opptrådte var The Who, Jimi Hendrix, Miles Davis, The Doors, Ten Years After, Emerson Lake and Palmer, Joni Mitchell, The Moody Blues, Melanie, Donovan, Free, Chicago, Richie Havens, John Sebastian, Leonard Cohen, Jethro Tull, Taste og Tiny Tim.
Det store talet frammøtte, mange av dei utan billett, tydde at dei lokale styresmaktene og festivalarrangørane ikkje kunne forhalde seg til mengdene eller garantera tryggleiken deira. Slike suter førte til at det britiske parlamentet året etter vedtok ein eigen lov, «Isle of Wight Act», med forbod mot forsamlingar på meir enn 5 000 menneske på øya utan eige løyve.
Festivalen blei gjenoppliva i 2002 ved Seaclose Park, ein fornøyelsesspark ved utkanten av Newport. Festivalen har sidan blitt halde her kvart år, og gradvis strekt seg nordover frå parken til den austlege Medina-dalen. Mange kjente musikarar har opptredd på den gjenoppliva festivalen, mellom anna The Rolling Stones, Muse, Donovan, Ray Davies, Robert Plant, David Bowie, Manic Street Preachers, The Who, R.E.M., Coldplay, The Proclaimers, Bryan Adams og The Police.
DVD:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.