Internet Explorer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Internet Explorer (IE) var ein nettlesar utvikla av Microsoft Corporation. Han vart seld som ein del av operativsystemet Windows. IE vart levert som ein integrert del av Windows, noko som førte til rettslege tvistar om konkurransevriding. IE er i dag utdatert, men på grunn av at han er installert på eldre versjonar av Windows har han framleis rundt 2,15 % av marknaden (2023).[1]
Internet Explorer | |||
![]() | |||
Type nettstad | nettlesar, proprietær programvare | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | fleire språk, engelsk, gresk, fransk | ||
Grunnlagd | 16. august 1995 | ||
Opphavsland | USA | ||
Nettstad | support |
Internet Explorer er bygd på Spyglass, Inc. sin Mosaic-nettlesar som Microsoft lisensierte i 1995 for å konkurrere med Netscape i det som blei kalla «the browser wars». Avtalen var at Spyglass skulle få ein fast sum fire gonger i året i tillegg til ein avtalt prosent av Microsofts inntekter på nettlesaren. Sidan Microsoft gav ut nettlesaren gratis slapp dei med å betale minimumsbeløpet. Ein tvist i rettssalen mellom Spyglass og Microsoft i 1997 enda med eit forlik på 8 millionar US-dolllar til Spyglass.[2]
Internet Explorer har nynorsk grensesnitt frå og med versjon 7. Språkpakka kan lastast ned gratis frå Microsoft for dei som har ekte windowslisensar.
Kompabilitet med standardar
Internet Explorer fyljer ikkje heilt W3C-standardane,[3][4] noko som har ført til problem både for brukarar og nettstadutviklarar.[5] Dette på trass av at Microsoft er med på å vedta W3C-standardane.[6]
Sikkerheit
Internet Explorer har lenge vore plaga med dårleg sikkerheit.[7][8] Ei av dei største svakheitene er bruken av ActiveX, som tillet ein vondsinna nettstad å køyra eit program på maskina til den som vitjar nettsataden.[9][10] I september 2013 vart det oppdata ei kritisk sårbarheit i Internet Explorer som gjer at andre kan ta over datamaskina.[11] Dette er svært problematisk, etter som dei då kan spionera på brukaren, lasta ned alle dokumenta som ligg på maskina, nytta ho til å senda ut søppelpost og så vidare. Dei mange tryggleiksproblema har ført til at mage har gått over til andre nettlesarar.[12][13]
Versjonar

Utgjevingsdato | Hovudversjon | Underversjonar |
---|---|---|
August 1995 | 1 | Ingen |
November 1995 | 2 | 2.0 og 2.0B1 |
August 1996 | 3 | 3.0A1, 3.0B1, 3.0B2, 3.0 og 3.01 |
Oktober 1997 | 4 | 4.0B1, 4.0B2, 4.0 og 4.01 |
Mars 1999 | 5 | 5.0B1, 5.0B2, 5.0, 5.5B1 og 5.5 |
Oktober 2001 | 6 | 6.0B1, 6.0, 6.0SP1 og 6.0SP2 |
18. oktober 2006 | 7 | 7.0 |
Mars 2009 | 8 | Internet Explorer 8 lansert, tidlegare 8.0B1, 8.0B2 |
14. mars 2011 | 9 | Internet Explorer 9 lansert |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.