norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Inger Dag Steen (fødd 22. mars 1933 i Kristiansand), nyttar òg det opphavlege namnet sitt Inger Dag, er ein norsk tekstilkunstnar og politikar for Sosialistisk Venstreparti. Ho var stortingsrepresentant for Vestfold 1989–93.
Inger Dag Steen | |||
Fødd | 22. mars 1933 Kristiansand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 22. november 2019 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar, tekstilkunstnar | ||
Ektefelle | Knut Steen | ||
Alle verv |
|
Dag Steen studerte ved Staten sin handverks- og kunstindustriskule (tekstillinja) frå 1951 til 1955.
Ho vart i 1989 innvald på Stortinget for SV i Vestfold. Ho sat éin periode og var medlem av landbrukskomiteen. Før dette var ho medlem av Sandefjord bystyre i fem periodar frå 1967 til 1989 (ikkje 1979–83). Ho var attende i bystyret frå 2003 til 2007. I Vestfold fylkesting sat ho frå 1983 til 1989. Ho har hatt ei rekkje andre kommunale og fylkeskommunale verv.
Dag Steen har òg hatt mange tillitsverv i organisasjonslivet, både innan bilete/biletkunst og politikk (Nei til EU, Forum for utvikling og miljø, SV). Ho var leiar i Vestfold bonde- og småbrukarlag frå 1997 til 2002. Frå 2000 til 2002 sat ho òg i styret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og i denne organisasjonen er ho æresmedlem frå 2006.
Dag Steen fekk Kongen sin fortenesetmedalje i sølv i 2007.
Inger Dag Steen var gift med bilethoggaren Knut Steen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.