Inexpressible Island

From Wikipedia, the free encyclopedia

Inexpressible Island
Remove ads

Inexpressible Island er ei klipperik øy i Terra Nova Bay i Antarktis.

Kjappe fakta Land, Koordinatar ...
Remove ads

Historie

Terra Nova-ekspedisjonen til Robert Falcon Scott (1910-1913) bestod av fleire grupper. Ein av dei, den nordlege gruppa, var leia av Victor Campbell, og vart ikkje med Scott til det indre av kontinentet, men overvintra ved Cape Adare. I 1912 byrja denne gruppa på seks mann i alt den lange reisa heimover og sette av stad mot Cape Evans (via Hut Point). Dei vart derimot verande att ved Evans Coves med sledeprovisjonar for seks veker for å fullføre det geologiske arbeidet dei var meint å gjere. Då arbeidet var utført hadde dei att rasjonar for kring fire veker, sidan dei ikkje rekna med at skipet ville ha noko problem med å hente dei seinare i februar. Men «Terra Nova» nådde ikkje fram på grunn av tung pakkis.[1] Då dei ikkje fekk kontakt med skipet vart denne nordlege arbeidsgruppa tvungen til å overvintra i Antarktisk nok ein vinter. Dei grov ut ei 4 meter lang og 3 meter brei snøhole i isen på ei øy kalla «Inexpressible Island» der dei overvintra under særs harde vilkår. For å overleve jakta dei nokre få sel og pingvinar.

Thumb
Tang og tare på Inexpressible Island.

Den nordlege gruppa hadde lagt eit forsyningsdepot ved Hells Gate-morenen på Inexpressible Island i tilfelle «Terra Nova» ikkje skulle klare å nå fram til dei. Depotet bestod hovudsakleg av forsyningar og utstyr laste på ein slede. Sjølv om dei hadde dette depotet vart vinteren i isgrotta og ei delvis steinhytte særs dårleg. Mennene leid av frostskadar, svolt, dysenteri og dei avskyelege vindane på øya. Skipslegen George Murray Levick sa:[2]

« «Vegen til helvete kan vere lagt med gode intensjonar, men det er meir truleg at helvete sjølv er lagt i same stil som Inexpressible Island.»  »

Mennene starta på heimreisa mot Hut Point den 30. september 1912, kring 350 km ned kysten, der dei mellom anna kryssa Drygalski-bretunga. Browning var særs sjuk og Dickason nesten invalidisert av dysenteri. Dei nådde fram til Hut Point den 5. november.[3]

Staden der isgrotta ligg på Inexpressible Island er verna av Antarctic Heritage Trust og Antarktistraktaten.

Thumb
Ein einsam keisarpingvin på Inexpressible Island.
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads