Remove ads

India er ein sambandsstat delt inn i 29 delstatar og 5 territorium («Union Territory»). Delstatane er styrte av sjølvvalde lovgjevande forsamlingar og regjeringar, som regel med ein guvernør og ein førsteminister (Chief Minister) på toppen. Unionsterritoria er derimot direkte underlagde dei nasjonale styresmaktene, gjennom ein løytnant-guvernør peika ut av presidenten i India. Territoria Delhi og Puducherry har sine eigne folkeforsamlingar og ministerråd, men makta deira er avgrensa, og nokre typar lovar må godkjennast av presidenten.

ThumbPunjabDisputed territory in Jammu and KashmirDisputed territory in Jammu and Kashmir
Klikkbart kart over delstatane unionsterritoria i India
Remove ads

Historie

Før sjølvstendet

Thumb
Den administrative inndelinga av India i 1951.

Britisk India, som inkluderte dagens India, Pakistan, og Bangladesh, men ikkje Bhutan , Sri Lanka, Nepal eller Sikkim, var delt opp i to typar av område, provinsar og fyrstestatar («princely states»).

Etter 1947

Ved sjølvstendet i 1947 blei dei fleste inndelingane haldne ved like, bortsett frå område som blei delte i to mellom India og Pakistan, som Panjab og Bengal. Fyrstestatane fekk valet om kva stat dei ville høyra til. Statar som nølte, som Hyderabadstaten og Kashmir, kunne bli innlemma i sambandsriket ved hjelp av trugsmål eller militærmakt. Dei fleste av desse statane blei del av dei tilstøytande provinsane, medan andre fortsette som eigne delstatar. Rajputana, Himachal Pradesh, Madhya Bharat og Vindhya Pradesh blei laga av fleire samanslåtte fyrstestatar, medan Mysore, Hyderabad, Bhopal og Bilaspur fortsette som eigne provinsar.

Den indiske grunnloven av 1950 gjorde India til ein sambandsstat av delstatar (i staden for provinsar som tidlegare) og territorium. Delstatane hadde mykje sjølvstyre og fullstendige demokratiske rettar i unionen, medan unionsterritoria blei styrt av den indiske regjeringa direkte.

Grunnlova skilde mellom tre områdetypar som fekk namn etter del-bokstavane i det første vedlegget til grunnlova:

Part A states var tidlegare guvernørstyrte provinsar frå Britisk India, og blei no styrte av folkevalde guvernørar og delstatsforsamlingar. Dei ni del A-statane var Assam, Vest-Bengal, Bihar, Bombay, Madhya Pradesh (tidlegare Central Provinces and Berar), Madras, Orissa, Punjab og Uttar Pradesh (tidlegare United Provinces).

Part B states var tidlegare fyrstestatar. Dei blei styrte av ei folkevald lovforsamling og ein rajpramukh, ofte den tidlegare herskaren, som blei utpeikt av presidenten av India. Dei åtte del B-statane var Hyderabad, Saurashtra, Mysore, Travancore-Cochin, Madhya Bharat, Vindhya Pradesh, Patiala and East Punjab States Union (PEPSU) og Rajasthan.

Part C states var både tidlegare fyrstestatar og provinsar som hadde vore styrt av kommisærar utpeikte av den tidlegare generalguvernøren av India. Dei ti del C-statane var Delhi, Kutch, Himachal Pradesh, Bilaspur, Coorg, Bhopal, Manipur, Ajmer-Merwara og Tripura.

Jammu og Kashmir hadde særskild status fram til 1957. Andamanøyane and Nikobarane blei eit unionsterritorium styrt av ein lieutenant governor, ein guvernør med innskrenka makt utpeikt av sambandsregjeringa.

Omorganiseringa i 1956

Det viste seg snart at dei britiske inndelingane, som var skapte mest med tanke på kolonistyresmaktene, ikkje alltid var levedyktige. Strid mellom folkegrupper førte til at den indiske nasjonalforsamlinga omorganiserte statsinndelinga med States Reorganisation Act i 1956.

1. november 1956 blei India omorganisert med desse statane og territoria som følgje:

Statar

  • Andhra Pradesh: Andhra blei døypt om til Andhra Pradesh og Telangana-regionen av Hyderabad-staten lagt til.
  • Assam: Ingen endringar
  • Bihar: Ingen endringar
  • Bombay: Saurashtra og Kutch, den marathitalande delen av Nagpur divisjon i Madhya Pradesh og Marathwada-regionen av Hyderabad blei innlemma, medan dei sørlege delane av staten blei overført til Mysore. I 1960 blei staten delt inn i Maharashtra og Gujarat.
  • Jammu og Kashmir: Ingen endringar
  • Kerala: Travancore-Cochin og Malabar distrikt i Madras blei slått saman til den nye delstaten Kerala.
  • Madhya Pradesh: Madhya Bharat, Vindhya Pradesh og Bhopal blei slått saman til Madhya Pradesh, medan marathitalande distrikt i Nagpur divisjon blei overført til Bombay.
  • Madras: Malabar distrikt blei overført til Kerala og staten, som seinare blei omdøypt til Tamil Nadu, fekk si noverande form.
  • Mysore: Utvida ved innlemminga av Coorg og kannadatalande område frå sørlege Bombay og vestlege Hyderabad. Staten blei seinare omdøypt til Karnataka.
  • Orissa: Ingen endringar
  • Punjab: Patiala and East Punjab States Union (PEPSU) blei slått saman til Punjab.
  • Rajasthan: Rajputana blei omdøypt til Rajasthan, og staten Ajmer-Merwara lagt til.
  • Uttar Pradesh: Ingen endringar
  • Vest-Bengal: Ingen endringar

Unionsterritorium

Etter 1956

Sidan 1956 har fleire nye territorium og statar blitt skilde ut frå eksisterande statar. Bombay blei delt i Gujarat og Maharashtra etter språklinjer i 1960 under Bombay Reorganisation Act. Punjab blei delt i 1966 etter språklege og religiøse linjer under Punjab Reorganisation Act, der den hinditalande hindustaten Haryana blei til medan dei nordlege distrikta av Punjab blei overførte til Himachal Pradesh. Chandigarh, hovudstaden Punjab og Haryana deler, blei eit unionsterritorium.

Delar av Assam blei skilde ut til Arunachal Pradesh og Nagaland i 1962, Meghalaya i 1971 og Mizoram i 1972. Unionsterritoriet Tripura blei oppretta i 1963.

Dei tidlegare franske og portugisiske koloniane i India vart annekterte av den indiske republikken, som territoria Pondicherry, Dadra, Nagar Haveli, Goa, Daman og Diu i 1962. I 1975 blei kongedømet Sikkim innlemma. Fleire unionsterritorium fekk gradvis status som delstatar: Himachal Pradesh i 1970, Manipur og Tripura i 1972, Mizoram i 1986, og Arunachal Pradesh og Goa i 1987, med Goa-eksklaven Daman og Diu omgjort til eit unionsterritorium.

I 2000 blei det oppretta tre nye delstatar: Jharkhand frå Bihar, Chhattisgarh frå Madhya Pradesh og Uttaranchal frå Uttar Pradesh. I 2014 blei Telangana skild ut frå Andhra Pradesh som ny delstat etter politisk press.[1]

Territoria Delhi og Puducherry har fått utvida rettar til å velja sine eigne lovforsamlingar, eit steg på vegen mot delstatsstatus.

Remove ads

Busetjing

Thumb
Indiske delstatar med nummer.
Thumb
Kart som viser folketettleiken for kvar delstat i India

Delstatane i India, ordna etter folketal.

Meir informasjon Rang, på kartet ...
Rangpå kartetDelstatInnbyggjarar
(mars 2001)
127Uttar Pradesh166 197 921
215Maharashtra96 878 627
34Bihar82 998 509
428Vest-Bengal80 176 197
51Andhra Pradesh76 210 007
624Tamil Nadu62 405 679
714Madhya Pradesh60 348 023
822Rajasthan56 507 188
912Karnataka52 850 562
107Gujarat50 671 017
1120Orissa36 804 660
1213Kerala31 841 374
1311Jharkhand26 945 829
143Assam26 655 528
1521Punjab24 358 999
168Haryana21 144 564
175Chhattisgarh20 833 803
1810Jammu and Kashmir10 143 700
1926Uttarakhand8 489 349
209Himachal Pradesh6 077 900
2125Tripura3 199 203
2216Manipur[2]2 166 788
2317Meghalaya2 318 822
2419Nagaland1 990 036
256Goa1 347 668
262Arunachal Pradesh1 097 968
2718Mizoram888 573
2823Sikkim540 851
Lukk
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads