From Wikipedia, the free encyclopedia
Ikonoklast (av gresk eikon, 'bilete' og klastes, 'person som bryt noko sund', av klao, 'bryte sund') er ein biletstormar. Omgrepet er bruka om den eine sida i striden om bruk av bilete, spesielt ikon, i gudsdyrking.
Det rikelege bruken av ikon og kulten rundt desse ikona i det bysantiske riket førte til ein reaksjon på 700-talet. Keisar Leo III skifta i 720 ut biletet av Kristus på myntane med eit portrett av keisaren. Keisaren fordømte alt ikonvesen, og i 730 gav han ordre om at alle gudebilete skulle øydeleggjast. Biletstormarane (ikonoklastane) øydela òg veggmosaikkar med religiøse motiv. Son hans, Konstantin V, skjerpa inn biletforbudet, slik at det vart forbode å eige eit bileta ev ein heilag person.
Ved det andre kyrkjemøtet i Nikea i 787 vart bilete på nytt tillatne, men striden heldt fram til det i 823 vart utforma ein ny teologi rundt bileta. Då vart det slått fast at ikona ikkje var gjenstand for tru, men hjelpemiddel for trua.
Under reformasjonen på 1500-talet oppstod ein liknande biletstrid, då biletstormarar øydela kyrkjekunst i nordeuropeiske kyrkjer, spesielt i dei reformerte kyrkjene.
På same måten som dei klassiske ikonoklastane, grunnga biletstormarane under reformasjonen motstanden mot bileta med forbodet mot avgudsdyrking og gudebilete i det første (og i nokre tolkingar andre) bodordet.
Også i den islamske verda var ikonoklasmen periodevis sterk. Innan denne kulturkretsen er derfor kalligrafien og non-figurativ mosaikk kunstartar som har utvikla seg vidare, medan avbilding av personar har vore totalforbode i somme islamske retningar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.