Ida Bull
norsk historikar og professor From Wikipedia, the free encyclopedia
norsk historikar og professor From Wikipedia, the free encyclopedia
Ida Bull (fødd 22. august 1948) er ein norsk historikar. Hovudfeltet hennar er lokalhistorie, men ho interesserer seg òg for kvinne- og kjønnshistorie.
Ida Bull | |||
Fødd | 22. august 1948 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | historikar, professor | ||
Institusjonar | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Ektefelle | Rune Skarstein | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Bull vart cand.philol med hovudfag i historie i 1975. I 1998 vart ho dr. philos. på ei avhandling om handelshus i Trondheim på 1700-talet. Gjennom det meste av karrieren sin har Bull vore tilsett ved Statsarkivet i Trondheim. I perioden 1993–1996 var ho engasjert som førsteamanuensis ved Historisk institutt, Universitetet i Trondheim. Frå 1998 er Bull professor i historie ved Institutt for historie og klassiske fag, NTNU. Ida Bull var i perioden 2010-2014 redaktør for Historisk tidsskrift.
Ida Bull er dotter av Edvard Bull d.y. og barnebarn av Edvard Bull d.e. Ho er gift med Rune Skarstein.
Frå 1. januar 2017 er ho preses i Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab (DKNVS).
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.