From Wikipedia, the free encyclopedia
«I Can't Explain» er ein song av det engelske rockebandet The Who, skriven av Pete Townshend og produsert av Shel Talmy. Songen vart gjeven ut på singel 15. januar 1965 i Storbritannia og desember 1964 i USA.
I Can't Explain Singel av The Who | ||
B-side |
Bald Headed Woman | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. januar 1965 (Storbritannia) Desember 1964 (USA) | |
Innspelt | November 1964 | |
Studio | IBC Studios, London[1] | |
Sjanger | Power pop[2] | |
Lengd | 2:04 | |
Selskap | Brunswick | |
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Who-kronologi | ||
«Zoot Suit» (1964) |
I Can't Explain | «Anyway, Anyhow, Anywhere» (1965)
|
«I Can't Explain» vara den første singelen gruppa gav ut under namnet The Who. Den førre singelen deira, «Zoot Suit»/«I'm the Face», kom ut under namnet The High Numbers. I eit plateomslag forklarte ein gong Townshend likskapen til den samtidige hitten «All Day and All of the Night» av The Kinks: «Det er ikkje ein rein Kinks-kopi. Han kom ut av hovudet mitt då eg var 18 og eit halvt.» I ei utgåve frå 1994 av magasinet Q snakka Roger Daltrey om Kinks-innverknaden:
Me visste alt at Pete kunne skrive songane, men det verka ikkje naudsynt på den tida å ha dine eigne greier, fordi det var eit vell av uhøyrt musikk frå Amerika. Men så byrja band som The Kinks å slå gjennom, og dei var truleg den største inspirasjonskjelda vår - dei var heilt klårt ei inspirasjonskjelde på Pete, og han skreiv 'I Can't Explain', ikkje som ein direkte kopi, men heilt klårt som ein avart av musikken til Kinks.[1]
I eit intervju i mai 1974 med Creem sa Jimmy Page at han spelte rytmegitar på songen som studiomusikar[3]. Dette vart stadfesta av Pete Townshend og produsenten Shel Talmy.[4] I følgje dei som arbeidde på innspelinga, skal derimot ikkje bidraget til Page ha kome med på den endelege utgåva.[5] I 2004 sa han «eg var på 'I Can't Explain', men spelte berre rytmegitar i bakgrunnen. Hovudriffet var berre Pete. Han brølte, mann.» Page spelte òg på B-sida, «Bald Headed Woman».[6]
The Who har ofte spelt «I Can't Explain» på konsertane sine, ofte som opningsslåt.
I eit intervju med Rolling Stone i 2015 omtalte Townshend «I Can't Explain» som «ein song skriven av ein 18-åring om at han ikkje klarar å fortelje kjærasten at han elskar ho fordi han har teken for mange Dexedrine-tablettar.»[7] I sjølvbiografien sin Who I Am fortalte Townshend at han kom opp med songen etter å ha fått beskjed frå managerane Kit Lambert og Chris Stamp om å skrive originale songar for det lovande bandet sitt. Han låste seg inne på rommet og lytta til Bob Dylan, Charles Mingus, John Lee Hooker og Booker T. & the M.G.'s, og prøvde å oppsummere kjenslene musikken gav han, men tanken som kom opp oftast var at han «ikkje kunne forklare». Dermed kom det første verset. Etter å ha møtt produsenten Shel Talmy lytta Townshend til «You Really Got Me» og prøvde å lage resten av «I Can't Explain» ein kjærleikssong liknande The Kinks i håp om å gjere Talmy nøgd.[8]
Songen er rangert på niandeplassen på Pitchfork Media si liste over dei «200 beste songane frå 1960-åra»,[9] 59. plassen på magasinet Spin's si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene,[10] og 380. plassen på Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
«I Can't Explain» kom først inn på UK Singles Chart 20. februar 1965 på ein 45. plass, og nådde åttandeplassen 17. april 1965. Songen låg i alt 13 veker inne på lista.[11] Singelen gjorde det ikkje like bra på Billboard Hot 100, der han berre nådde 93. plassen.[12]
The Who
Andre medverkande
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.