I.R.S. Records
amerikansk plateselskap From Wikipedia, the free encyclopedia
I.R.S. Records (International Record Syndicate) var eit amerikansk plateselskap som vart starta i USA i 1979 av Miles Copeland III saman med Jay Boberg og Carl Grasso. Miles var òg manager for Wishbone Ash, The Police og seinare Sting, i tillegg til andre band. I.R.S. var systerselskapet til Copeland sitt Illegal Records (i Storbritannia).
I.R.S.-utgjevingane vart distribuerte av A&M Records fram til 1985, av MCA Records fram til 1990 og til slutt av EMI (som kjøpte selskapet i 1994) fram til det vart nedlagt i 1996.
Kjelde
- Artikkelen var opphavleg basert på «I.R.S. Records» på Engelsk Wikipedia.
Bakgrunnsstoff
- Historia til I.R.S. Records 1979-1985, Billboard-lister, biletgalleri og diskografiar
- «Mr. Bill's I.R.S. Records Corner»
- Discogs: I.R.S.-diskografi
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.