From Wikipedia, the free encyclopedia
Høle er ein tettstad, eit kyrkjesokn og ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det var tidlegare òg ein kommune. Historisk har Høle vore ein del av Ryfylke, men er etter innleminga i Sandnes oftast vorte rekna til Jæren.
Høle | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Sandnes | ||
Areal | 0,36 km² | ||
Folketal | 426 (2023) | ||
Folketettleik | 1 183 / km² | ||
Postnummer | 4308 SANDNES | ||
Høle 58.8965807°N 6.0118484°E |
Tetttaden har 426 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på vestsida av Høgsfjorden, 24 km austom Sandnes sentrum. Her ligg Høle kyrkje frå 1860. Aust for Høle ligg ferjestaden Lauvvik.
Høle sokn utgjer i dag den austlegaste delen av Sandnes kommune (krinsane Høle, Tengesdal, Ims og Bratthetland) med 1032 innbyggjarar (2013). I eldre tider var det derimot monaleg større. Det femna òg om noverande Forsand kommune og austre delen av Gjesdal kommune (Oltesvik og Dirdal.) I 1852 vart Forsand sokn utskilt, som den gong òg omfatta Dirdal. Ved kommunesamanslåinga 1965 vart Oltesvik krins overført frå Høle til Gjesdal sokn. I seinare tid er Seldal krins vorte overflytta til Høyland sokn.
Høle og Forsand høyrde til opphavleg til Strand kommune, men vart i 1965 utskilde som Høgsfjord kommune. 1871 vart den delt i to: Høle kommune og Forsand kommune.[1] Høle kommune vart i 1965 nedlagd og føydd til Sandnes, med unnatak for Oltesvik krins som vart lagd til Gjesdal.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.