From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgskolen i Narvik (HiN) er ein tidlegare høgskule i Noreg, no ein del av Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.
Høgskolen i Narvik | |||
Grunnlagt | 1. august 1994 | ||
---|---|---|---|
Type | Statleg høgskole | ||
Stad | Narvik | ||
Nettstad | http://www.hin.no/ | ||
Erstattar | Narvik ingeniørhøgskole | ||
Erstatta av | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
Høgskulen vart etablert 1. august 1994 og hadde omkring 1200 studentar og 140 tilsette. Han var eit resultat av at tre statlege høgskolar i Narvik vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei tre høgskolene som vart fusjonert var Narvik ingeniørhøgskole, Sivilingeniørutdanningen i Narvik og Nordland sykepleierhøgskole si avdeling i Narvik.
I tillegg hadde Høgskolen i Narvik ein filial i Alta i Finnmark med tilbod om forkurs og 1 års ingeniørfag.
Den 1. januar 2016 ble skolen fusjonert inn i Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.[1]
Høgskolen hadde tilbod om fag- og profesjonsstudiar innan sjukepleier-, ingeniør-, sivilingeniør- og yrkesfaglærer-fag. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen sine fire institutt var:
Høgskolen hadde også tilbod om internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter enda studiar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.